– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

S/J Mathilde

 

Mathilde

Med heiste segl på fjorden

I over 30 år har Hardangerjakta Mathilde segla langs kysten med folk i alle aldrar om bord. Eit tokt med Mathilde er ei unik ramme for store naturopplevingar i all slags ver – tett på sjøen og tett på historia.

Mathilde er ei Hardangerjakt bygd i Ølve i 1884, og kanskje er den fartøytypen som best karakteriserer Hardangerregionen. Ein reknar med at det rundt år 1900 var så mange som 2500 jakter i bruk langs norskekysten, ein stor del av desse var bygde ved Hardangerfjorden. 

Mathilde har gaffelrigg i naturfiber med storsegl, tre stagsegl og toppsegl, i tillegg til to skværsegl og snipper.  

 

I åra 1984-89 vart Mathilde sett i stand og tilbakeført som seglfartøy, og var på mange måtar utgangspunktet då Hardanger fartøyvernsenter vart etablert.  

Sidan ho var ferdig restauert i 1989, har Mathilde vore leirskule kvar vår og haust. Born får oppleva kystkulturen på tett på kroppen. Om bord er elevane saman frå måndag til fredag, og sit att med minner for livet.  

 

Mathilde kan chartrast til kortare og lengre turar – bryllaup, slektstreff, teambuilding – med Mathilde på Hardangerfjorden, er ein garantert ein unik oppleving uansett ver. Om sommaren sett me opp opne tokt, kor kven som helst kan bli med på tur. Det krevst ingen forkunnskapar – bli med og bidra etter evne!  

Velkomen om bord! 

Mathilde, data: 

Total lengd: 73 fot 

Breidde: 21 fot

Masthøgd: 25,5 meter

Tonnasje: 77,46 BRT, 58.06 NRT

Rigg: Jakterigg, total seglflate på 400 kvadratmeter

Motor: Scania diesel, 220 hk.

Passasjerkapasitet: dagsturar inntil 50 personar, overnatting inntil 30 personar

Mannskap: Skipper, bestmann, kokk og matros 

?Sjå kor Mathilde er no!

Kontakt