– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Leirskule

Vind i segla – minne for livet

 

Velkomen om bord til ei kjekk, annleis og lærerik leirskuleveke!

Mathilde er den einaste leirskulen som tek klassen med på ei reise, på seglas med eit historisk fartøy. Båten legg ut frå Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund måndag, og kjem vanlegvis tilbake igjen fredag. Det vert ei fem dagar lang oppdagarferd! 

Seglasen går ut Hardangerfjorden, langs fjell og bre til kyst og skjergard. Kvar kveld er det ei ny spanande hamn å utforska. Det skapar minner som de aldri gløymer!
Me har faste skular som kjem igjen år etter år, men har også ledige veker til nye skular som ynskjer eit annleis leirskuleopphald.  

Skuta, livet om bord og handteringa av riggen og båten, er berebjelken i opplegget. Samstundes nyttar me naturen og miljøet rundt oss til å auka kunnskapen. Når me kjem til ei hamn så tek me henne i bruk, snakkar med folk, besøker det lokale museet og lærer litt om lokalsamfunna. 

Sidan Mathilde er ein seglande leirskule der tryggleiken er avgjerande, er me godt bemanna i forhold til andre leirskular. Hos oss sørgjer eit mannskap på fem for at du på ein trygg og sikker måte lærer om livet om bord på ei hardangerjakt. Mannskapet er sett saman av skippar, bestmann, kokk, leirskulelærar og jungmann. 

Galleri

Film frå leirskuletokt om bord på S/J Mathilde

Pakkeliste

Set namn på alt a utstyr Me skal vere mest ute, så utstyret lyt vera litt røft og tåla sjøsprøyt. Ikkje ta med tøy som du er redd skal få tjøreflekkar!  

På sjøen kan det vera kaldt sjølv med sol og fint ver, så det er viktig å ha med seg varme klede.  

Hugs at alt utstyret ditt skal ned i ei halv skipskiste med måla 40x35x35 cm. Bagen/sekken din vert stua vekk under veka. 

Sovepose, regntøy og støvlar har me ikkje i kistene, men me plasserer det ein annan stad der det er lett å få tak i. Ha gjerne dette i ein tøypose som kan snørast att. 

 

  • Ta med:  
  • Sovepose  
  • God regnjakke og bukse (oljeklede er best)  
  • Støvlar  
  • Joggesko eller fritidsko  
  • Varm fritidsjakke  
  • Varm ullgenser  
  • Ullundertøy  
  • Vottar/ hanskar  
  • Lue  
  • Skjerf/hals  
  • 2 par raggsokkar  
  • 3 par sokkar  
  • 2 skjorter eller bomullsgensarar  
  • 2 par dongeribukser eller liknande  
  • 2-3 t-skjorter  
  • Undertøy for perioden  
  • Toalettsaker  
  • Vaskeklut 
  • 1-2 handdukar  
  • Shorts og solkrem  
  • Badetøy (om du har lov) 
  • Fotoapparat og kikkert om du ynskjer  
  • Skrivesaker  
  • Lommelykt  
  • Et sitteunderlag til å bruke på dekk  
  • Solbriller  
  • Drikkeflaske 

 

Sjøsjuketablettar er ikkje naudsynt å ta med, då me har det om bord om det trengs. Sjøsjukearmband kan med fordel prøvast.  

Brukar du briller, så fest dei i ei snor, slik at du ikkje mistar dei.  

Pakk alt saman i ein skipssekk eller bag. Dersom du nyttar ryggsekk, bør den ikkje ha meis, då den er vanskeleg å stua vekk.  

Redningsvest har me ikkje på oss i ein så stor båt som Mathilde, men når du skal i hekksbåten har me seglarvestar til låns. 

For lærere - kontakt

I Noreg er det ei politiske målsetting om eit opphald pr. elev i grunnskolen. Leirskuleundervisning gir oppleving og læring i eit annleis miljø. Det gir ei grunnleggande opplæring i friluftsliv og har eit positivt helseaspekt. 

Me har faste skular som kjem igjen år etter år, men har også ledige veker til nye skular som ynskjer eit annleis leirskuleopphald. Dei fleste leirskuleturane tek fem dagar, men me har også kortare turar. 

Me har eit orienteringshefte for lærarar med litt meir utfyllande info, samt forslag til oppgåver elevane kan gjera i førebuing for opphaldet. 

Ikkje nøl med å ta kontakt hvis de lurar på noko! Nytt kontaktskjema under eller ring fartøyansvarleg Tone på telefon 41448240