Smia

Å forma i glødande jarn

Når det kjem røyk ut av pipa på det låge murhuset ved porten, er skipssmeden vår, Seppe Lehembre, i arbeid. Tek du turen innom smia får du både lukte og kjenne varmen frå essa, og på nært hald sjå korleis smeden med presisjon og tempo klarar å forma dei finaste ting av glødande jarn.

Smeden vår har fagbrev og lang erfaring med smijarnsarbeid til veteranskipsflåten i Noreg.

Seppe smir det meste av det som trengst av verktøy og beslag, heilt ned til minste detalj; boltar, spikar og saum. Det er nesten ikkje grenser for kva smeden klarar å trylla fram or smia.

Han arbeider mest med maritime oppdrag, men har også erfaring som kunstsmed. Forutan ei mengd maritime smijarnsdetaljar har han laga smijarnsprodukt til ei rekkje andre bruksområde, som ulike typar rekkverk, spesiallaga verktøy, fine krokar og hengsler. Så her er det berre å koma med idear og ynskje dersom du vil ha laga noko. Alt du treng i smijarn til skuta, huset eller hytta får du hos Seppe!

Det siste året har skipssmeden hatt store oppdrag i samband med restaureringa av polarskutene Fram og Gjøa på Frammuseet i Oslo.

Smeden tek også ansvar for å formidla den handlingsborne kunnskapen vidare til nye generasjonar, gjennom lærlingordninga.

 

Ta kontakt for førespurnadar om produkt og oppdrag:

Seppe Lehembre, tlf 984 62 607 / seppe.lehembre@fartoyvern.no 

Kontakt

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Tlf: 474 79 839

E-post: fartoyvern@hvm.museum.no

Opningstider

20. juni-16. aug: Kl 10—15, alle dagar
17. aug-1. mai:  Kl 10—14, tys—fre

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og YouTube

Contact

Adr: Sandvenvegen 50, Norheimsund

Tel: +47 474 79 839

E-mail: fartoyvern@hvm.museum.no

Opening hours

June 20-August 16: All days, 10 AM—3 PM
August 17-May 1: Tues—Friday, 10 AM—2 PM

 

Social media

Follow us on Facebook, Instagram and YouTube

X