Kurs
Bli med på handverkskurs!
Som eit nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern er Hardanger fartøyvernsenter mellom dei største fagmiljøa for maritimt tradisjonshandverk i Norden. Hjå oss kan du bli med på eit utval kurs med dyktige handverkarar og instruktørar – gjennom heile året.
Påmelding til kurs: send epost til fartoyvern@hvm.museum.no eller ring/sms 47 47 98 39
Vil du gi et kurs i gave? Da tar du kontakt og betaler kursavgift, så er plassen reservert, og du får et gavekort du kan legge under treet!
Kursprogrammet for 2023 er klart! Sjå kursa våre under:
Her kan du sjå heile kurskatalogen til Hardanger og Voss museum
Nordisk gaffelriggseminar
Tors. 21.-24. september.
Etter suksessen i Middelfart (Danmark) er vi no tilbake i Noreg, og denne gongen på sørlandskysten og Grimstad. Føremålet med seminaret er å formidle kunnskap, heve ferdigheitsnivået, meistre eige fartøy gjennom praktiske øvingar og føredrag. Seminarutgifta inkluderer kost og overnatting om bord i deltakande fartøy.
Pris: 3500,-
Påmelding: https://fartoyvern.ticketco.events/no/nb/e/gaffelriggseminar_2023
Hjelp – eg eig eit gamalt hus
4 onsdagar, frå 27. september
Fire temakvelder kring problem-stillingar for eigarar av gamle hus. Bli trygg på vedlikehald, tiltak, støtteordningar m.m.
Instruktør: Alexander Günther, tlf: 479 49 280
Tidspunkt: 18:00 – 19:00
Pris: 100,- per kveld.
Kurset føregår i gamlekaféen/ kinosalen på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.
Smikurs for ungdom
Tors. 12.-13. oktober
Haustferiekurs! Er du nysgjerrig på hva smiing er? Bli med på eit todagars smikurs for unge, i haustferien!
Instruktør: Lars Ystanes.
Pris: 1000.- Kurset er støtta av Håndlag
Maritimt verktøyseminar 2023 (November)
Vårt årvisse verktøyseminar for tradisjonshandverkarar, som kvart år har nytt tema.
I år er tema trenaglar, ta kontakt med elisabet.janssen@fartoyvern.no for info og påmelding!
Åpne foredrag under arrangementet:
https://www.facebook.com/events/188959497536399
https://www.facebook.com/events/249642401372224
Tidlegare kurs:
Flette matte av tau
Tors. 16. og 23. februar kl.18-21
Lær å lage ei matte av tau i naturfiber.
Instruktør: Ingunn Undrum.
Pris: 400,- + materialutg.
Snikre ein krakk
Tors. 9., 16., 23. mars kl.18-21
Lær å lage ein liten stol, med enkle vertøy og teknikkar, over 3 kveldar.
Instruktør: Arne Eriksen.
Pris: 900,- + materialutg.
Åremaking
Fre. 5.-7. mai
Lag dine eigne vestlandsårer! Under rettleiing av båtbyggjaren får ein laga seg eit par årer i furu, og lære både teori og historie på vegen.
Instruktør: Peter Helland-Hansen.
Pris: 6700,-
Lær å smi
Fre. 5.-7. mai
Populært smikurs for nybyrjarar!
Lær basisteknikkar under rettleing av smeden vår.
Instruktør: Lars Ystanes.
Pris: 5600.-
Tilbod til unge handverkarar
Lær av dei beste fagfolka og delta på seminar kor vi har fokus på:
- Hoggeteknikk med Trond Oalann
- Oppmerking av rundholt og bjelkar ved båtbyggjarane frå Hardanger Fartøyvernsenter.
Når: 5. – 9. juni 2023
Kor: Hardanger Fartøyvernsenter.
Pris: kr 800,- inkluderer hotellopphald, seminarutgifter og mat.
Det er avgrensa tal på deltakarar, så ta kontakt så fort som mogeleg for å sikre deg plass.
Kontakt: Morten Hesthammer morten.hesthammer@fartoyvern.no
Lær å segle tradisjonsbåt
FULLTEIKNA (Det er mogleg å melde seg på med med egen båt)
Laur. 27.-28. mai
Vil du lære å segle med sprisegl? Her får du litt teori, og mykje segling, i åpne tradisjonsbåtar. Me nyttar Hardangerfjorden som læringsarena.
Pris: 2500,-