Utstillingar

I den nye videoutstillinga vår kan du handverkarane i arbeid, og læra om korleis me restaurerer historiske fartøy. Foto: Silje Ensby

I havna kan du sjå og lese om båtane våre, og båtar som er under restaurering. Foto: Silje Ensby
Maritime tema
Ved Hardanger fartøyvernsenter kan du oppleva fleire ulike utstillingar med interessante maritime tema:
LASTA MED HISTORIE (i Kulturnaustet)
Sommar 2021 opna ei ny, stor videoutstilling i Kulturnaustet. Her får du eit djupare innblikk i kva som ligg bak arbeidet med restaurering av historiske fartøy – levende formidla gjennom film. Utstillinga står ut 2022.
- REIPSLAGARHANDVERKET (I reiparbanen)
Har du sett korleis ein tradisjonelt sett laga tau og reip? Her får du ei innføring i ulike teknikkar og materiale som har vore brukt i produksjon av tau.
Sjekk også ut verkstaden og mini-reiparbanen der du kan laga ditt eige tau. Kanskje møter du til og med ein ekte reipslagar?
- UTSTILTE BÅTAR
I hamna kan du sjå båtar frå samlinga, og lese om båtane som ligg inne for restaurering. Vil du sjå MK Vikingen, MY Faun, eller SJ Mathilde? Du finn dei ved kai når dei ikkje er ute på tokt. På reiparbanen ligg det utstilt kyrkjebåtar.