Nordisk gaffelriggseminar

Kva skjer på eit Nordisk gaffelriggseminar?
Praktisk læring gjennom segling med ulike skuter som har gaffelrigg.
- Lærer noko nytt om korleis segle og handtere rigg og fartøy
- Får praktiske tips om korleis tekniske ting om bord kan gjerast og løysast
- Ser og får gode innspel til korleis ein har løyst oppsettet av rigg på ulike skip
- Dei som er med er opne og villige til å lære frå seg, god erfaringsutveksling på alle plan
- Sosialt og inspirerande fellesskap
- Arrangerast på ulike stader kvar år
Nordisk Gaffelriggseminar 2025
Vi har gleda av å invitere til nok eit nordisk gaffelriggseminar – det ellevte opne semiaret i rekka! Denne gongen startar me ved havna i Bergen.
I år vert det berre større fartøy med som jakter og galeasar med, og Hardanger fartøyvernsenter stiller blant anna med si eiga jakt – Mathilde. Seminaret avsluttast med ein regatta.
Program 2025
Torsdag 25. – sundag 28. september.
Stad: Bergen havn
Mer detaljert program kjem.
Sjå eksempel på tidlegare program her.
Pris
3850,- NOK
Seminarutgifta inkluderar mat og overnatting om bord på deltakande fartøy frå onsdag kveld til sundag.
Heile deltaker-/seminaravgifta vert betalt ved påmelding.
Ungdommar er spesielt velkomne til å delta.
For meir informasjon om kurset, kontakt:
Morten Hesthammer: morten.hesthammer@fartoyvern.no
Frå seminaret i 2022 i Middelfart Danmark:
Under finn du blant anna fleire videoar frå tidlegare seminar.