Kort historikk  

Frå ungdomsprosjekt til nasjonalt kompetansesenter

Hardanger fartøyvernsenter er eit nasjonalt fartøyvernsenter og museum. Her finn du eit av dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden.

Kort historikk

Hardanger fartøyvernsenter starta som eit ungdomsprosjekt i 1984. Hardangerjakta S/J Mathilde vart innkjøpt, og ungdomane fekk ta del i restaureringa av den gamle skuta. Etter 50.000 arbeidstimar kunne dei kasta loss og legga ut på sitt fyrste tokt med Mathilde.

 

Idag

Mykje har skjedd sidan starten. Idag er senteret ein del av Hardanger og Voss museum, og har eit av dei største fagmiljøa på restaurering av fartøy i Norden. Senteret er ei nyskaping i norsk samanheng, med satsing på fartøyvern, leirskule, reiseliv, museum, formidling til born og unge, fagopplæring og vern av gamle handverkstradisjonar. Om lag 35 personer arbeider no ved senteret, deriblant båtbyggjarar, reipslagarar og smed.

 

Gamle teknikkar i nye kanaler

Me deler aktivt av handverkskunnskapen vår i sosiale medium, og har dei siste åra vore det største museet i Noreg på Facebook.

 

Opningstider

NB! Stengt til 14. april grunna lokale smitteverntiltak

Sept-april:
Tys-fre kl 10-14

Kontakt

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Tlf: 474 79 839

E-post: fartoyvern@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og YouTube

Opening hours

Closed till April 14 due to infection control

Sept-April: Tues—Friday, 10 AM—2 PM

 

Contact

Adr: Sandvenvegen 50, Norheimsund

Tel: +47 474 79 839

E-mail: fartoyvern@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook, Instagram and YouTube

X