– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

På tokt med Mathilde

 

Fjordcruise med sjel

Vil du ha ein annleis og unik oppleving der du kjem nær naturen og elementa med Hardangerfjorden som ramme? Hardangerjakta Mathilde tilbyr alt dette og litt til, i form av historisk sus og ei ro som berre eit seglfartøy kan gje.  

Mathilde byr på store og små opplevingar for menneske i alle aldrar og bakgrunn. Det er noko heilt unikt ved å vere midt utpå Hardangerfjorden, omkransa av yrande tettstadar og frodige fruktgardar ved foten av spektakulære fjell. Anten du er her for fyrste gong eller er gamal kjenning, vil Mathilde gje eit perspektiv utanom det vanlege. Fokuset treng ikkje nødvendigvis vere kor langt ein kjem, men sjølve reisa, med heiste segl og elementa rundt oss. 

Pris per time: 5000,- (minimum 3 timar).

Me tilbyr óg servering om bord om de vil det. Ein kan få alt i frå enkel servering til større måltid. Vår dyktige kokk sett saman menyar etter ynskje. Kontakt oss for tilbod og pris!

På dagsturar kan me ha inntil 50 passasjerar. På øvernattingsturar kan me ha opp til 30.

For turar over fleire dagar, har me litt andre prisar. Ta kontakt om du er interessert i det. Her kan du sjå seglingplanen for 2024.  

Mathilde er ei hardangerjakt bygd i 1884 i Ølve i Hardanger, og er ein av dei mest karakteristiske båttypane for regionen. Ved århundeskiftet (1900) var det om lag 2500 fartøy av denne typen som segla langs kysten av Noreg. For Hardanger var jaktene svært viktige, då dei var inntektsgrunnlag for regionen igjennom deltakinga i nordlandsfarten. Jaktene segle nordover til Lofoten og Finnmark, der dei kjøpte torsk som var turka og seld vidare i Bergen. 

Mathilde seen from Mælen

Ta kontakt for meir informasjon:

mathilde @ hvm.museum.no eller ring Tone på telefon 4144 82 40 eller ta kontakt via kontakskjema under.

 

X