– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bygningsvern

Kompetanse på tre og tradisjon

HFS har lang erfaring med tradisjonelt trearbeid, og satser meir på bygningsvern i tida som kjem. Me har eigne handverkarar som arbeider med bygningsvern, med spesialkompetanse på tømring, finsnikring og antikvarisk restaurering.

 

Bevaring av kulturminne, kunnskap og teknikkar

Som kompetansesenter og verft ønskjer vi å bidra til høgt kulturvernfagleg nivå, i samråd med Riksantikvaren sine retningslinjer og planar. Vern og bruk av kulturminne handlar om å ta vare på materielle leivningar frå fortida. Men det er òg ein skule i å ta vare på gamle kunnskapar og dugleikar.

 

Har du ein bygning som er verneverdig?

Har du eit hus, eit naust, ein flor eller ein annan bygning du tenkjer er verneverdig? Me bistår deg gjerne med tips om kor du kan søkje om støtte til istandsetting. Ta gjerne kontakt for ein prat.

 

Under finn du nyttige lenkar til tilskudd og rettleiarar for å søkje om støtte:

 

Kontakt bygningsvern: Alexander Günther:

— tlf. 476 49 280 / alexander.gunther@fartoyvern.no

Naust i Linga som vi restaurerte i 2020. 

Freda stabbur i Strandebarm, som me restaurerer i 2021-22. 

Smia på HFS har levert den flotte smijarnsporten til muséhagen i Bergen.

X