Skuletilbod
Den kulturelle skulesekken
Møte med tradisjonar, i ulike aldrar
Handverkarar og instruktørar ved fartøyvernsenteret rettleiar elevane som får vera med på tradisjonelle aktivitetar knytt til maritime fag. Kvart tilbod varer omlag to – tre skuletimar.
DKS for grunnskulen i Kvam
Hardanger fartøyvernsenter samarbeider med grunnskulen i Kvam og gir lærings- og aktivitetstilbod i den kulturelle skulesekken. For elevane er opplegga ved fartøyvernsenteret gratis, heradet dekkar skyssutgifter.
-
2. årssteg: Forma i tre
Aktivitetsbasert undervisning i småbåtverkstaden. Elevane blir kjende med båtbyggjarfaget, og får sjølve prøva verktøyet til båtbyggjaren.
Alle elevane skal spikka si eiga båtform av rått trevyrke. Me set også segl på båtane.
-
6. årssteg: Ut å ro
Elevane lærer å ro enten i ein færing eller dei vert utfordra til å ro i takt i åttæringen.
Me set roinga inn i eit vidt historisk perspektiv gjennom å sjå biletspelet «Då sjøen var vegen». Elevane får vita kva dei einskilde delane av båten heiter og kva dei vart nytta til.
-
8. årssteg: Laga tau av lindebast
Elevane lagar lindebasttau. Dei lærer om historia til reipslagarhandverket og kva material som tradisjonelt er nytta til tauproduksjon. Reipslaging og historia til handverket er nært knytt til utviklinga i skipsbygginga.
Eit tilbod som passar mange
Dei same tilboda kan også gjevast til andre skular og grupper som kjem på besøk. Den kulturelle skulesekken dannar grunnlaget for tilbodet vi har til andre grupper, studentar, firma eller pensjonistar.
Spørsmål rettes til:
Formidlingsleiar Line Kirstine Larsen: line.larsen@hvm.museum.no / 479 74 363


