Småbåtverkstad

strandebarmer for salg

Ein nybygd færing vert testa med ein rotur på fjorden før overlevering. Foto: Silje Ensby

seile småbåt

Strandebarmer rigget for seil. Foto: Lars Arvid Oma

Jondøler sel strandebarmarar i Oslo på 1920-talet. Foto: Jondal kommune

Klinkbygde robåtar

Vi held båtbygging i Hardanger levande

Veit du korleis ein færing vert bygd? Ta ein tur innom småbåtverkstaden vår! Der møter du båtbyggar Peter Helland-Hansen og lærlingen hans i arbeid med nye tradisjonsbåtar frå regionen.

 

Frå material i skogen til trebåt på fjorden

Fartøyvernsenteret i Norheimsund berga tradisjonen for båtbygging i Hardanger i siste liten. Kunnskapen om materialval, arbeidsmåtar og bruk av verktøy vert vidareført av verkstaden. Den beste måten å sikra kunnskapen er å bygga nye båtar som vert brukte til roing og segling.

 

Lettrodd og rik på historie

Verkstaden byggar lette, opne klinkbygde båtar i ulike storleikar, med årar og segl. Vi har færingar klare for sal på kaien, og gjer oppdrag på bestilling.

  • strandebarmar
  • hardangerbåt
  • kyrkjebåt
  • lettbåt til fartøy

>>> Her finn du nybygg og produkt for sal

 

100 nye tradisjonsbåtar

Helland-Hansen har hatt over 20 lærlingar i verkstaden sidan starten i 1987. Senteret har levert over hundre nybygde båtar.
Småbåtverkstaden tek også på seg kopibygging og rekonstruksjon av andre tradisjonelle småbåtar i tre.

 

Kurs

Verkstaden held årlege kurs i åremaking, i tillegg til andre kurs. Her kan du komme og lære av dyktige handverkarar som også brenner for å vidareformidle sin kunnskap.

 

Rigg, årer og reparasjon

Verkstaden leverer rigg med tau av naturfiber, frå  landets einesta reiparbane i drift. og lagar årer og andre delar til tradisjonsbåtane. Vi utfører også oppmåling, tilstandsvurdering og restaurering av eldre småbåtar.

 

Treng du eit nytt par årer til robåt? Råd om vedlikehald av småbåt? Reparasjon av småbåt?

 

Ta kontakt med småbåtverkstaden:

5 + 14 =

Kontakt

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Tlf: 474 79 839

E-post: fartoyvern@hvm.museum.no

Opningstider

17. aug-1. mai:  Kl 10—14, tys—fre

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og YouTube

Contact

Adr: Sandvenvegen 50, Norheimsund

Tel: +47 474 79 839

E-mail: fartoyvern@hvm.museum.no

Opening hours

August 17-May 1: Tues—Friday, 10 AM—2 PM

 

Social media

Follow us on Facebook, Instagram and YouTube

X