S/J Mathilde
Med heiste segl på fjorden
Opplevingane står i kø ombord på hardangerjakta Mathilde frå 1884. Når mannskapet, deg sjølv inkludert, heiser alle segla kan ein nyta synet av eit storsegl, tre stagsegl, to råsegl, to «snipper» og eit toppsegl, alt i naturfiber!
Bli med på tur, i all slags vêr, så får du kjenna kor friskt og fint sjølivet er!
📍 Sjå kor Mathilde er akkurat no!
Bli med på tokt!
Mathilde reiser på familietokt, jentetokt, opne tokt og kystsafari. Dei opne tokta krever ingen forkunnskap, her er det berre å bli med, og bidra etter evne. Seilingsplan settes frå år til år.
Info og booking:
mathilde@hvm.museum.no / Christel: 926 48 164
Maritim leirskule
I over 30 år har born fått oppleva kystkulturen på kroppen, ombord på Mathilde.
Elevar får leva saman frå måndag til fredag, og sit att med minner for livet. Meir info og påmelding til leirskule.
Ein charterbåt med sjel
Mathilde kan chartres til kortare og lengre turer – bryllup, slektstreff, teambuilding – med Mathilde på Hardangerfjorden, er dere garantert ein unik oppleving uansett ver.
Maks antall personer ombord er 50, og 28 om man skal overnatte. Båten chartres med mannskap og bevertning;
- skipper
- bestmann
- kokk
- lettmatros
Vi skreddersyr eit opplegg etter behov!
Museumstokt
Tidleg på våren og seint på hausten, seglar Mathilde museumstokt. Nokre tokt er retta mot skuleelevar, andre tilbyr opne kulturarrangement. Me samarbeider tett med kulturaktørar, kulturarrangørar og andre museum om museumstokta for å skapa eit variert og godt tilbod. Mellom anna har fylkesmusikarane i Hordaland har hatt fleire program om bord.
Det hender også at me reiser utanfor fylket vårt. Då samarbeider me med lokale kulturkrefter dit me kjem.
Samansett historie
S/J Mathilde vart bygd av Ole H. Nerhus i Kvinnherad og vart sjøsett i 1884. Det nye fartøyet, eigd av Nerhus-familien, vart sett inn i «nordlandsfarten» der ferdakarar kjøpte opp skrei i Lofoten og i Finnmark. Fisken vart salta, tørka og sidan seld i Bergen og Kristiansund.
I 1889 kjøpte eit partslag i Jondal jakta og dreiv henne vidare i «nordlandsfarten». I 1918 vart Mathilde seld nordover til Svolvær, og derifrå vidare til Anders Jensen på Lunderøy på Helgeland. Jakta hadde seinare fleire ulike eigarar i Nordland før ho i 1938 vart seld til Erik Rolfsen i Kristiansund, som mellom anna nytta henne som lossement.
Kari Louise
Etter ei periode i Ålesund vart Mathilde i1950 seld til Mosterhamn i Hordaland, der ho fekk namnet Kari Louise. I 1968 fór Kari Louise nordover att. Leif Andorsen i Svolvær, som no overtok, bygde nytt styrehus og installerte ei GM-maskin på 240 hestar. I 1977 vart fartøyet seld igjen, denne gongen til Per Angell frå Herøy på Helgeland. Etter at han avslutta i 1982 vart Kari Louise lagt ut for tvangssal og i1984 kjøpt av den nystarta stiftinga Hardangerjakt i Norheimsund.
Tilbakeført til 1800-talls seglskute
I åra 1984-89 vart Mathilde sett i stand og tilbakeført som seglfartøy, og var på mange måtar utgangspunktet då Hardanger fartøyvernsenter vart etablert.
Sjå videoopptak frå restaureringa av Mathilde under: