– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Tett på fjorden, kulturen og handverket:

Høyrt om utviklingsprosjektet Tett på?

Det er det store løftet for Hardanger fartøyvernsenter som er under arbeid no.

Tett på er ein generalplan for utvikling av senteret med verft, maritimt museum og uteområde. Planen gjeld mellom anna Kulturnaustet, der det no er utstillingsareal og læringsarena for bygningsvern. Vidare planar gjeld t.d. filmsal, bibliotek, arkiv, garderobar og kontorareal.

 

Sjå presentasjon av prosjektet nederst på sida:

 

Presseomtale 2021:

Me er glade og stolte over å verte løfte fram i den nye stortingsmeldinga for musea!

Fartøyvernsenteret i Norheimsund er det viktigaste kompetansesenteret i landet for å vidareføre kunnskap og kompetanse om å bygge nye, og setje i stand, historiske båtar og skuter av tre. Det er ikkje utan grunn at regjeringa ønsker å prioritere dette, seier Venstres førstekandidat i Hordaland, Sveinung Rotevatn

 

«Tett på» vil ta Hardanger fartøyvernsenter opp i ein ny liga. Det har vore jobba strategisk og svært godt med prosjektet, med brei involvering og gode prosessar. Difor er vi svært glad for at vi no får på plass dei siste brikkene for å fullføre denne storsatsinga som vil gje fartøyvernsenteret tidsriktige lokale for dei som har sitt daglige virke der, samt elevar, studentar og besøkjande. Det har vore lagt ned ein formidabel innsats for å kome dit vi er i dag – no er vi klar til å ta neste skritt, seier stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Eskeland

 

Fartøyvernsenteret i Norheimsund er eit godt drive maritimt museum og gjer ein strålande jobb for å formidle kystkulturen. Det er både eit fantastisk fagmiljø og dei har mange spennande aktivitetar for store og små. Eg er utruleg glad for at vi no kan fortelje at vi vil styrke fartøyvernsenteret endå meir i tida framover, seier Dag Inge Ulstein (KrF)

 

Tettare på «Tett på» – Hordaland folkeblad 31.01.21

Fleire på visitt – Hordaland Folkeblad 28.02.21

 

Opningstider

T.o.m. 28. mai: Man-fre kl 10-15

29. mai - 15. aug: Kvar dag kl. 10-16
16. aug - 28. mai: Tys-fre kl. 10-14

Stengt 13. mai, 17. mai. 21. mai.

 

Kontakt

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Tlf: 474 79 839

E-post: fartoyvern@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og YouTube

Opening hours

Till and incl. May 28: Mon-Fri 10 AM-3 PM

May 29-Aug 15: All days, 10 AM-4 PM
Aug 16- May 28: Tues-Fri 10 AM-4 PM

Closed May 13, May 17 and May 21. 

 

Contact

Adr: Sandvenvegen 50, Norheimsund

Tel: +47 474 79 839

E-mail: fartoyvern@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook, Instagram and YouTube

X