JENTETOKT
Norheimsund - Haugesund 22.-26. juli 2019
Denne veka seglar Mathilde med kvinneleg mannskap, og berre jenter slepp om bord som medseglarar. Som alltid på jentetokt vert det spanande hamner, song, latter
Les meir
Om arrangementet
JENTETOKT
Norheimsund – Haugesund 22.-26. juli 2019
Denne veka seglar Mathilde med kvinneleg mannskap, og berre jenter slepp om bord som medseglarar. Som alltid på jentetokt vert det spanande hamner, song, latter og god mat. Skipper Cecilie er klar – og gler seg til å møta ’gamle’ og nye jenter. Ho meiner at jentetokta er såpass helsebringande at ein burde få dei på blå resept.
Dette er eit tokt der alt ligg til rette for flotte naturopplevingar. Me seglar frå Norheimsund måndag, og undervegs gjer me spanande strandhogg, før me endar opp i Haugesund fredag. Velkomen skal du væra – om du er ‘førstereis’ eller erfaren ‘havfrue!’
Påmelding til;
mathilde@hvm.museum.no
Hugs namn, adresse, tlf nr.
Depositum kr. 1000,-
Ta gjerne kontakt for meir informasjon på e-post eller tlf.
NOK 7700,-
Inkluderer:
• Seglopplevingar
• Overnatting på Mathilde
• 3 måltid per dag
KYSTSAFARI 5.-9. august Haugesund - Rosendal
Seglas som høver for store og små, landkrabbar og sjøulkar!
Årets kystsafari går langs vestlandskysten frå Haugesund og inn Hardangerfjorden til vakre Rosendal. Dagane ombord vil
Les meir
Om arrangementet
KYSTSAFARI 5.-9. august Haugesund – Rosendal
Seglas som høver for store og små, landkrabbar og sjøulkar!
Årets kystsafari går langs vestlandskysten frå Haugesund og inn Hardangerfjorden til vakre Rosendal. Dagane ombord vil vera rike på opplevingar. Aktivitetsnivået avgjer kvar og ein sjølv. Den som ønskjer det, kan delta aktivt i seglinga under kyndig rettleiing av mannskapet, få kjenna sjøspruten i andletet og få opp pulsen ved å klatra i riggen. Vil ein slappa av, kan ein sitja på dekk og lesa ei bok, eller berre nyta det å gli gjennom ukjend farvatn og gje seg hen til bøljeskvulp og måkeskrik.
Totalpris: NOK 7700,- (Born fødd 2003 eller seinare: NOK 5700,-)
Påmelding: Send e-post med namn, adresse og tlf.nr. til
mathilde@hvm.museum.no
Ta gjerne kontakt for meir informasjon:
mathilde@hvm.museum.no
Hege – tlf: 414 87 528