Leirskule
Vind i segla – minne for livet
Mathilde er den einaste leirskulen som tek skulen med på ei reise, på seglas med eit historisk fartøy. Båten legg ut frå Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund måndag, og kjem vanlegvis tilbake igjen fredag. Det vert ei fem dagar lang oppdagarferd!
Seglasen går ut Hardangerfjorden, langs fjell og bre til kyst og skjergard. Kvar kveld er det ei ny spanande hamn å utforska. Gå ikkje glipp av denne eineståande sjansen til å segla med ei ekte hardangerjakt. Det skapar minner som de aldri gløymer!
Me har faste skular som kjem igjen år etter år, men har også ledige veker til nye skular som ynskjer eit annleis leirskuleopphald. Ta kontakt på mathilde@hvm.museum.no eller 414 87 528 for informasjon og booking.
Mannskapet
Sidan Mathilde er ein seglande leirskule der tryggleiken er avgjerande, er me godt bemanna i forhold til andre leirskular. Hos oss sørgjer eit mannskap på fem for at du på ein trygg og sikker måte lærer om livet om bord på ei hardangerjakt. Mannskapet er sett saman av skippar, bestmann, kokk, leirskulelærar og jungmann.
Ver og vind styrer mykje av korleis me legg opp veka. Difor er inga veke lik den andre, sjølv om rutinane er dei same og me har prioriterte aktivitetar.
Tryggleik
Grunnlaget for alt om bord i Mathilde er tryggleik. Den grunnleggjande haldninga hjå kvar enkelt er berebjelken for tryggleiken om bord. Me lærer til dømes at ein skal unngå å skrika eller vifta med armane når det ikkje er nødvendig. Det er viktig å følgja reglane slik at ein unngår å utsetja seg sjølv og andre for fare. I staden skal ein ta ansvar, ikkje berre for seg sjølv – men også for kvarandre. Ingen klarar seg til sjøs åleine, fellesskapen er viktig. Når dette «ligg i botn», kan me leika og ha det kjekt med alt det andre om bord!
Sjømannskap
Når skuta er i fart går elevane sjøvakter under kunnig leiing av mannskapet. Dei står utkikk, styrer og går tryggleikssvakter. Dei lærer seg å bruka og lesa vaktlister, og bli fortrulege med fordeling av arbeidsoppgåver. Det er stort å kjenna at ein er med på å styra skuta!
Tau-arbeid
Det er viktig å læra seg knop og stikk slik at ein kan handtera tau og fortøya ein båt på ein trygg måte. Kvar dag lærer elevane ein ny knop, som ein landgangsprøve. Det er motiverande for læringa. Dei som ynskjer det, får halde på med handarbeid i tau på fritida.
Segling og manøvrering
Den tradisjonelle norske råsegl-riggen i kombinasjon med gaffelriggen utgjer seglgarderoben til Mathilde. Me lærer om riggen og får prøve dei ulike segla. Aerodynamikk er spanande! Elevane får setja kunnskapen ut i praksis etter teoriundervisinga tidlegare på dagen, når ein skal ut og segle. Det vert setjing av segl, ein lærer å snu skuta mot og medvinds, og ein får oppleva samspelet mellom dei einskilde segla. Me står på dekk og kjenner kreftene ta tak. Det er herleg!
Navigasjon
Me startar med å lese kart og læra å tolka navigasjonshjelpemiddel som lykter og stakar. Nokre klassar er vane med å lesa kart. Då kjem me litt lenger i undervisninga. Det vert lagt opp ein kurs der ein tek omsyn til dei navigasjonshjelpemidla ein finn i leia.
Maritime livet
Me går tur i fjæra og ser på ulike strandsoner, på jakt etter liv. Fangsten vert studert og artsbestemd.
Det er kjekt når me får fram oppdagargleda hos elevane, som det å løfta på ein stein og sjå mylderet av liv. Me må ikkje slutta med å undra oss.
Fiske
Me lærer litt om dei ulike fangstmetodane. Med robåten set me garn som me trekker neste morgon. Me brukar litt tid på å vurdera og studera fangsten. Korleis stod garnet, vurdert ut frå fangsten eller den manglande fangsten? Me studerer fiskane, og lærer å handtere fangsten slik at det vert god matfisk for kokken vår.
Historie
Ein elev stod med såre og raude nevar ein regnvêrsdag etter å ha vore med og heist storseglet, og sa: «Segla dei verkeleg dette fartøyet heile året, i snø òg? Det er eg glad for at eg slepp.» Då tenkte skipperen: «no har du forstått noko du ikkje kunne ha lese deg til i ei bok».
Elevane som går i land etter ei veke på Mathilde tek med seg litt respekt for karane som segla kysten vår og la grunnlaget for livet langs leia. Det er god ballast for vegen vidare å skjøna at det finst andre dimensjonar i livet, ting som me ikkje heilt fattar utan å ha kjent litt på dei sjølv.
Velkommen om bord til ei kjekk, annleis og lærerik leirskuleveke!
I samband med turane kan dei som ynskjer det bestilla leirskulehefte, eit hjelpemiddel som tek vare på minna frå dagane om bord i Mathilde.
Ikkje nøl med å ta kontakt, dersom de lurer på noko! Me har eit orienteringshefte som me sender ut til klassar som vurderer å bli med oss.
Skuta, livet om bord og handteringa av riggen og båten, er berebjelken i opplegget. Samstundes nyttar me naturen og miljøet rundt oss til å auka kunnskapen. Når me kjem til ei hamn så tek me henne i bruk, snakkar med folk, besøker det lokale museet og lærer litt om lokalsamfunna.
Dei fleste leirskuleturane tek fem dagar, men me har også kortare turar.
I Noreg er det ei politiske målsetting om eit opphald pr. elev i grunnskolen. Leirskuleundervisning gir oppleving og læring i eit annleis miljø. Det gir ei grunnleggande opplæring i friluftsliv og har eit positivt helseaspekt.