Reiparbanen

hampetau

Handlaga hampetau. Foto: Vegard Valde

Reiperbana held kurs og opplæring. Foto: Lars Arvid Oma

Anna Rogde – blant seilbåtane vi har levert hamperigg til. Foto: Knut Godø

Tau av naturfiber

Besøk Noregs einaste reiparbane i drift!

Korleis vart tau laga i tidlegare tider? På reiparbanen ved Hardanger fartøyvernsenter  kan du på nært hald sjå korleis ein lagar handslått hampetau, og tau av andre naturfiber, slik dei gjorde det i mellomalderen. Reiparbanen er open for publikum, velkomen på besøk!

Hampetau og mykje meir

Vi har landets einaste reperbane som er i bruk. I den 80 meter lange banen vert det produsert tau av:

  • hamp
  • bomull
  • manila
  • kokos
  • lindebast
  • hestetagl
  • hud og hår

Tau for sal

Reipslagarane produserer tauverk til ei mengd ulike formål; som tau til rigg på småbåt og fartøy, til seglmakarar, museum, hestehald, lasso, dekorasjon og rekkverk. Når tauet vert slått for hand, er det lett å tilpassa det til den bruken tauet skal ha.

>>> Pris på tau finn du her

Dei viktigaste kundane våre er fartøyeigarar som driftar tradisjonsbåtar og fartøy frå tidlegare tider. Vi arbeider med rekonstruksjon og restaurering av desse historiske fartøya. I slike prosjekt er heilskapen viktig, og då lyt det vera handslåtte tau og reip i riggen. Hampetau av høg kvalitet er avhengig av garn med lange fibre, som det kun er vi som leverer i Norge idag.

 

Vi held faget i hevd

I 1995 fekk vi eigen reipslagar, Anja Hertzberg. Då var det meir enn 40 år sidan sist nokon hadde teke fagbrev som reipslagar i Noreg.

No har vi to reipslagere med fagbrev ansatt hos oss, Ingunn Undrum og Sarah Sjøgreen. Faget vart igjen godkjent som eige lærefag i august 2013, og vi har no ein lærling, som eineste læreplass i Noreg.

 

Unik kompetanse

HFS er åleine i Noreg om å halda det tradisjonsrike faget i hevd.
Den unike fagkunnskapen vert også nytta i forsking, og når historisk bruk av tau vert dokumentert og rekonstruert.

 

Kurs

Reipslagarane dreg ut og held kurs og foredrag. Då kan vi ha med oss ei lita, mobil reiparbane der ungar og vaksne kan laga sitt eige tau! Vil du lære å lage tau? Vi har årleg kurs i reipslaging på reperbanen i Norheimsund.

 

Store oppdrag

Døme på større oppdrag er levering av tau til ståande og laupande rigg til vikingskipa Draken Harald Hårfagre og Saga Oseberg. Reiparbanen har levert alt av tauverk og rigg til den nye bankskøyta i Ålesund, og ei rekke andre fartøy i inn og utland. 

Riggerverkstad og hamperigg

Hardanger fartøyvernsenter har også ein riggerverkstad, med spesialkompetanse på rigging av tradisjonelle seglfartøy, og hamperigg.

 

Gode råd fra reipslagar/rigger Sarah:

Vedlikehald av rigg

Vedlikehald av hampetau

 

Kontakt reiparbanen under:

14 + 14 =

Kontakt

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Tlf: 474 79 839

E-post: fartoyvern@hvm.museum.no

Opningstider

17. aug-1. mai:  Kl 10—14, tys—fre

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og YouTube

Contact

Adr: Sandvenvegen 50, Norheimsund

Tel: +47 474 79 839

E-mail: fartoyvern@hvm.museum.no

Opening hours

August 17-May 1: Tues—Friday, 10 AM—2 PM

 

Social media

Follow us on Facebook, Instagram and YouTube

X