– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

På tokt med Mathilde

 

På tokt i Sunnhordaland

Leirvik – Haugesund

Dette eit tokt der alt ligg til rette for flotte naturopplevingar. Me seglar langs Vestlandskysten med Haugesund som endestopp. Undervegs gjer me strandhogg på nydelege øyer og småstader som Mosterhamn, Espevær, Røvær og Avaldsnes.

Mathilde seen from Mælen

Oppmøte: Leirvik, mandag 1. juli klokken 10.

Ankomst: Haugesund, fredag 5. juli. Me har som mål å vere inne til klokken 16.

Pris: 7990 kroner per deltakar. 

Antall dagar: 5 (4 øvernattingar).

Betaling: Etter påmelding sender me krav om et depositum på 2000 kroner. Ved avmelding etter 1. mai, betales ikke depositumet tilbake. Faktura på resterande beløp sendes ut i juni.

Under toktet blir det servert tre måltid om dagen, tilberedt om bord av vår dyktige kokk Saaer. På tross av utfordringane med matlaging i ei lita bysse, tryllar han fram velsmakande mat kvar gong!  

Me et og søv på banjeren, eit stort fellesrom som før var lasterommet. Her ligg alle i hengekøyer eller på benkar i medbrakt sovepose. Det er ikkje sjelden at me tar måltida på dekk i sola. Somme tider tillet veret også at me kan sova i hengekøye på dekk under åpen himmel… 

Det unike om bord på Mathilde, er at me heile tida er samla på eit avgrensa område – i samme båt bokstavleg talt!  Alle må samarbeida skal me koma oss vel i hamn, og alle spelar ei viktig rolle for fellesskapet. Desse verdifulle erfaringane gjer at me vert ei samansveisa gruppe ved avmønstring. 

Mannskapet består av skipper, bestmann, kokk og matros.

Tryggleiken står i sentrum hjå oss. Ein skal føla seg trygg om bord på Mathilde, og startar alltid opp med tryggingsreglane når dei kjem om bord. Mathilde er godkjend av Skipskontrollen for 30 personar på overnattingsturar. Me har jamnlege tryggleiksøvingar og kontroll av utstyr. Mannskapet har sikkerheitskurs for sjøfarande. Tryggleik har fyrsteprioritet!

Påmelding

Du vil få ein bekreftelse på innsendt påmelding. Ta kontakt om du ikkje har fått denne. Det kan vere at den kjem i søppelpost/spamfilter.

Pakkeliste

Set namn på alt a utstyr Me skal vere mest ute, så utstyret lyt vera litt røft og tåla sjøsprøyt. Ikkje ta med tøy som du er redd skal få tjøreflekkar!  

På sjøen kan det vera kaldt sjølv med sol og fint ver, så det er viktig å ha med seg varme klede.  

Hugs at alt utstyret ditt skal ned i ei halv skipskiste med måla 40x35x35 cm. Bagen/sekken din vert stua vekk under veka. 

Sovepose, regntøy og støvlar har me ikkje i kistene, men me plasserer det ein annan stad der det er lett å få tak i. Ha gjerne dette i ein tøypose som kan snørast att. 

 

  • Ta med:  
  • Sovepose  
  • God regnjakke og bukse (oljeklede er best)  
  • Støvlar  
  • Joggesko eller fritidsko  
  • Varm fritidsjakke  
  • Varm ullgenser  
  • Ullundertøy  
  • Vottar/ hanskar  
  • Lue  
  • Skjerf/hals  
  • 2 par raggsokkar  
  • 3 par sokkar  
  • 2 skjorter eller bomullsgensarar  
  • 2 par dongeribukser eller liknande  
  • 2-3 t-skjorter  
  • Undertøy for perioden  
  • Toalettsaker  
  • Vaskeklut 
  • 1-2 handdukar  
  • Shorts og solkrem  
  • Badetøy  
  • Fotoapparat og kikkert om du ynskjer  
  • Skrivesaker  
  • Lommelykt  
  • Et sitteunderlag til å bruke på dekk  
  • Solbriller  
  • Drikkeflaske 

 

Sjøsjuketablettar kan du ta med, men vi har om bord om det knip. Sjøsjukearmband kan med fordel prøvast.  

Brukar du briller, så fest dei i ei snor, slik at du ikkje mistar dei.  

Pakk alt saman i ein skipsekk eller bag. Når du kjem om bord skal alt pakkast ned i ein skipskiste så ikkje ta med meir enn nødvendig! Dersom du nyttar ryggsekk, bør den ikkje ha meis, då den er vanskeleg å stua vekk i benkene etter utpakkinga. Ein liten tursekk/ tøy pose kan vera kjekk å ha tinga ein tar med opp på dekk, som solbriller, solkrem, bok,lue etc) i.

Redningsvest har me ikkje på oss i ein så stor båt som Mathilde, men når du skal i hekksbåten har me seglarvestar til låns. 

Eigne fiskestengar kan takast med. Det finst elles høveleg fiskeutstyr om bord på Mathilde.