Meny
Opplev Hardanger: Fjordseglas, smak og historie
10. – 12- juli 2026
Bli med på ei uforgløymeleg og kontrastfull reise til Hardanger. Frå smaken av sjøliv under heiste segl på den historiske hardangerjakta Mathilde, til sidersmaking på Aga Sideri og stille luksus på ærverdige Utne Hotel.
Praktisk informasjon
Start: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund fredag 10. juli kl. 16.
Slutt: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund 12. juli kl. 14.
Varigheit: 10. – 12. juli 2026.
Pris: kr. 12 900,- per person.
Begrensa plasser.
Adkomst og parkering
Adkomst: Oppmøte på Hardanger fartøyvernsenter. Med bil er det ca. ein times køyring frå Bergen til Norheimsund og det er mogleg å parkere på fartøyvernsenteret. Det går også buss, sjå skyss.no for rutetider.
Adresse og parkering: Hardanger fartøyvernsenter, Sandvenvegen 50.
Det er parkering ved senteret. Om du kjem med buss, er det ca. ti minutters gange.
Om dei ulike aktørane
Hardangerjakta «Mathilde»
Hardangerjakta «Mathilde» vart bygd i Ølve i Hardanger i 1884. Skroget er i tre og både segl og tauverk er i naturfiber. Mathilde har eit sjøvant mannskap som står for tryggleik og trivsel om bord som er klare for å visa deg korleis ein seglar ei skute frå 1800-talet.
Aga sideri
Aga sideri (etabl. 2018) er kjent for sin prisvinnande sider, laga med lokale råvarer. På turen vil du verte invitert inn på garden der sideren vert produsert og læra om prosessen frå treet til glaset.
Agatunet
Agatunet er eit autentisk mellomaldertun som gir deg innblikk i historia til regionen og rettshistoria til Noreg. Eit av høgdepunkta er Lagmannsstova, landet eldste rettslokale, bygd heilt tilbake i 1220.
Utne Hotel
Utne Hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerleg har vore i drift sidan 1722. Her skal du bu på eit av dei historiske romma og nyte ein 5-rettars middag laga på lokale råvarer.
Dag for dag – tidsplan
Fredag 10. juli
Me møtast på Hardanger fartøyvernsenter kl 16 og mønstrar på «Mathilde». Vel innlosjert om bord, får du ei innføring i tryggleik medan me legg frå kai og begynner reisa mot Aga. Det vil verte sett segl og du som deltakar får høve til å vera med på oppgåvene knytt til dette.
På vegen inn fjorden vert det servert middag om bord.
På kvelden legg me til kai ved Aga sideri, der «Mathilde» ligg over natta. Du kan velja om du vil søve i hengekøye eller på madrass i banjeren (opphaldsrommet i båten).
Laurdag 11. juli
Me vaknar friske og opplagde til ein ny vakker dag på Aga. Me startar med frukost på dekk, mens me tar inn det spektakulære landskapet i Sørfjorden.
Me går i land og spaserer den korte turen opp til Agatunet, der me får omvising i det gamle klyngetunet med røter heilt tilbake til mellomalderen. Eit av høgdepunkta er Lagmannsstova, landet eldste rettslokale, bygd heilt tilbake i 1220.
Etter besøket i Agatunet, går me ned igjen til Aga sideri. Her får me omvising på garden, sidersmaking og ein smakfull lunsjplanke, beståande av tradisjonsrik mat og fyrsteklasses råvarer frå Hardanger.
I 14-tida reiser me med buss til Utne og verte tatt imot på Utne Hotel, bygd i 1722. Her får me tildelt kvart vårt hotellrom, som alle har historiske møblar og unike stilartar. Alle med eige moderne flislagde bad.
No ventar ein avslappande ettermiddag på Utne – her du kan slappe av, gå ein tur og ha gode samtaler over eit glas sprudlande sider.
På kvelden serverer me ein 5-retters middag i hotellets restaurant, basert på lokale råvarer.
Sundag 12. juli
Me nyter ein god frukost på Utne Hotel før me mønstrar om bord på «Mathilde» og vender kursen tilbake mot Norheimsund. På vegen heim set me segl og nyt dei fantastiske omgjevnadane, med fjell, fonn og yrande natur. Det vert servert ein smakfull lunsj på fjorden.
Me avsluttar turen der me starta, på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.
Booking
Ved spørsmål, ta kontakt med fartøyansvarleg Tone Solvang på telefon: 41 44 82 40, eller send epost.
Bagasje og pakkeliste
Når du kjem om bord skal alle tinga dine pakkast ned i ei skipskiste på ca. 100 liter. Pakk difor smart og ikkje meir enn naudsynt. Støvlar, sovepose og yttertøy har me ikkje i kistene.
Harde koffertar tar mykje plass, så pakk helst i sekk eller mjuk bag, då desse vert stua vekk under benkane om bord etter utpakking.
Hugs at det på sjøen kan det vera kaldt sjølv om det er sol og fint ver, så det er viktig å ha med seg dei rette kleda. Ha med varmt tøy sjølv om meldingane er gode.
Om bord kan du risikera å få ein tjøreflekk eller to på kleda, så ta ikkje med plagg du er redd for. Merk tinga dine med namn.
Utover kvardagsklede for perioden treng du:
Sovepose
Regnklede
Støvlar eller sko som tåler vatn
Vindtett jakke
Vottar/hanskar og lue
Skjerf/hals
Varm ullgenser
Handduk
Badetøy
Drikkeflaske/termokopp
Øyreproppar
Tips! Ta med deg ein dagstursekk til oppholdet på Utne hotel.
Spørsmål og svar (FAQ)
Kan eg vera med om eg aldri har segla før?
Ja, det kan du! Om bord på «Mathilde» er det opp til deg kor mykje du ynskjer å delta i sjølve seglinga. Om du vil vere med å klatra i riggen, setje segl og vera med på navigering, så får du det. Om du heller vil sitje på dekk med ei god bok og berre nyta livet og utsikta, må du veldig gjerne det!
Du må ingenting, men kan vere med om du vil!
Kva får me å ete?
Om bord på Mathilde vert det fyrste kvelden servert middag medan me seglar mot Aga. Neste morgon vert det frokost om bord.
På Aga Sideri vert det servert smakfull lunsjplanke, beståande av tradisjonsrik mat og fyrsteklasses råvarer frå Hardanger.
På Utne hotel vert det 5-retters middag i hotellets restaurant, basert på lokale råvarer. Neste morgon ventar frokostbuffet basert på lokale smakar.
Finst det alkoholfri sidersmaking?
Ja. Alkoholfrie alternativ som eplemost og alkoholfri sider.
Kvar stoppar båten?
Mathilde reiser frå Norheimsund på fredagen og legg til ved Aga sideri om kvelden. Der vert ho liggande heilt til me skal tilbake til Norheimsund igjen søndags føremiddag.
Er det toalett om bord?
Ja. «Mathilde» har to toalett under dekk. Det er heilt vanlige vassklosett som du har heime.
Må eg ta med meg redningsvest?
Nei. «Mathilde» har alt tryggleiksutstyr som trengs om bord.
Må eg vera i god form for å segla med Mathilde?
Du må kunne komma deg opp og ned trappa til banjer sjølv. Elles er det ikkje nokre fysiske krav for å vera med på tur med Mathilde.