Meny
Skjærgårdsafari i vest
Haugesund – Bergen mandag 3. august – torsdag 6. august 2026
Bli med på eit unikt skjærgårdstokt med Hardangerjakta «Mathilde». Med start i Haugesund og avslutning i Bergen, går turen over ope hav og inn lune sund. Her er det sjølve ferda som er opplevinga: vinden i segla, roen om bord og nærleiken til havet.
«Mathilde» er eit flytande stykke kulturhistorie og ein destinasjon du blir kjent med undervegs. Turen er for deg som ønskjer ei autentisk reise inn i Noregs maritime historie, tett på elementa og naturen.
Praktisk informasjon
Varigheit: 4 dagar, 3 overnattingar
Avreise: Haugesund, mandag 3. august. Oppmøte frå kl 11, avreise kl 13.
Ankomst: Bergen, torsdag 6. august klokken 15.
Pris: 8900,-
Kva får du?
– Ein heilnorsk feire utanfor allfarvei! Eksotisk, lokalt og unikt!
– Overnatting på ein ny stad kvar kveld, om bord på «Mathilde».
– Instruksjon og praktisk opplæring i segling frå mannskapet om bord.
– Hengekøye og skipskiste som er dine mens du er om bord.
– Servert frokost, lunsj og middag alle dager på tur.
– Tilgang til lettbåt til idylliske roturar om kveldane.
Dag for dag – tidsplan
Mandag - Frå Haugesund til Mosterhamn
Eventyret startar i kystbyen Haugesund. Her mønstrar du på «Mathilde» og blir tatt imot av mannskapet – erfarne sjøfolk som både ivaretek tryggleiken og deler av sin kunnskap om segling og kystliv. Kokken om bord lagar alle måltid, og du vil raskt merke at mat i sjøluft smakar ekstra godt.
Det vert ein ettermiddagsseglas over Sletta og inn i Hardangerfjorden, ein av Noregs lengste og djupaste fjordar som kan by på dramatisk og vakker natur.
På kveldinga legg «Mathilde» til i Mosterhamn. Dette er stedet der Olav Trygvasson først gikk i land da han kom fra England for å kristne landet i år 995, ifølge Snorre.
Det vert servert middag om bord før alle finn seg ei hengekøye, eller legger seg på ein mjuk benk i «banjer» (allrommet om bord).
Tysdag - Segling og skjærgård
Me eter ein god frukost før dagens seglas inn Bømlafjorden og vidare nordover via Stokksund.
Turen går mellom eit vrimmel av små og store øyar i skjærgården mellom Bømlo og Fitjar, det me lar vind og vær bestemme rute.
Om bord tek alle som ynskjer del i seglinga og navigeringa. Det er mektig å erfare at me ikkje er avhengig av motor for å kome oss fram, sjølv ikkje med ein stor båt som «Mathilde».
Om kvelden legg «Mathilde» til i ei av dei mange naturhamnene. Middag, ro og ei natt tett på naturen rundar av ein dag med mange inntrykk.
Onsdag - Mellom hav og land
Dagen byr på vidare segling mellom skjær og holmar der hav møter land. Dette er kyst-Noreg på sitt vakraste og mest autentiske. Ruter og opplevingar blir styrt av vinden, akkurat slik dei alltid har vore for seglskuter som Mathilde.
Kvelden tilbringast i ei hamn blant Austervolls mange øyar, eit område kjent for flotte naturperler og ekte kystmiljø.
Torsdag - Innsegling til Bergen
Neste morgon gjer me oss klar til siste etappe på reisa, inn til Bergen
Ankomst i Bergen er estimert til klokken 15. Du pakkar seg ut av båten og tek farvel med mannskapet og dei andre medseglarane for denne gong.
I Bergen arrangerast det denne veka Fjordsteam, ein festival med veteranbåtar frå heile Noreg. Det vil difor vere mykje liv og aktivitet i hamneområdet når me kjem fram.
Vind og vér er avgjerande på turen. Seglasen blir best når vi spelar på lag med vinden, og me tek difor høgde for at det kan koma endringar undervegs.
Hardangerjakta «Mathilde» vart bygd i Ølve i Hardanger i 1884. Ho er bygd i tre og har naturfiber både i tauverk og segl. Ho har mannskap beståande av skipper, bestmann, kokk og matros som er klare for å visa deg korleis ein seglar ei skute frå 1800-talet!
Bagasje og pakkeliste
Når du kjem om bord skal alle tinga dine pakkast ned i ei skipskiste på ca. 100 liter. Pakk difor smart og ikkje meir enn naudsynt. Støvlar, sovepose og yttertøy har me ikkje i kistene.
Harde koffertar tar mykje plass, så pakk helst i sekk eller mjuk bag, då desse vert stua vekk under benkane om bord etter utpakking.
Hugs at det på sjøen kan det vera kaldt sjølv om det er sol og fint ver, så det er viktig å ha med seg dei rette kleda. Ha alltid med varmt tøy sjølv om meldingane er gode.
Du kan risikera å få ein tjøreflekk eller to på kleda, så ta ikkje med plagg du er redd for. Merk tinga dine med namn.
Sovepose
Regnklede
Vasstette sko eller støvlar
Joggesko/fritidssko
Vindtett jakke
Vottar/hanskar og lue
Skjerf/hals
Varm ullgenser
Ullundertøy
Fritidsklede for perioden.
Undertøy og sokkar for perioden
Toalettsaker
1-2 handdukar
Shorts, solkrem og badetøy
Et sitteunderlag til å bruke på dekk
Drikkeflaske/termokopp
Øyreproppar
Mobillader
Tryggleik og forsikring
«Mathilde» har passasjersertifikat for freda og verna skip og er på kontroll hos Sjøfartsdirektoratet kvart år. Ho er utstyrt med moderne redningsutstyr og tryggleiksmannskapet(skipper, bestmann og kokk/matros) har tryggleikskurs for fart med passasjerar, som fornyast jamnleg.
«Mathilde» har P&I-forsikring, som er gjeldande når ein er om bord. Me anbefalar alle deltakarar å ha reiseforsikring.
Spørsmål og svar (FAQ)
Kan eg vera med om eg aldri har segla før?
Ja, det kan du! Om bord på «Mathilde» er det opp til deg kor mykje du ynskjer å delta i sjølve seglinga. Om du vil vere med å klatra i riggen, setje segl og vera med på navigering, så får du det. Om du heller vil sitje på dekk med ei god bok og berre nyta livet og utsikta, må du veldig gjerne det!
Du må ingenting, men kan vere med om du vil!
Må eg vera i god form for å segla med «Mathilde»?
Du må kunne komma deg opp og ned trappa til banjer sjølv. Elles er det ikkje nokre fysiske krav for å vera med på tur med Mathilde.
Kva skjer om det er mykje sjø eller dårleg ver?
Man kan ikkje garantere for solskin på vestlandet, og me kan oppleve å få regn på turen. Difor er det viktig å ha med seg kle til all slags vêr. Naturopplevingane vert ikkje mindre i regnvér – og du kan óg trekka under dekk om du ynskjer.
Mannskapet veljer rute og hamner etter vind og vér og som er mest behageleg for alle om bord. Om du vert sjøsjuk har med tablettar om bord som hjelper mot dette.
Må eg ta med meg redningsvest?
Nei. «Mathilde» har alt tryggleiksutstyr som trengs om bord.
Er det toalett om bord?
Ja. «Mathilde» har to toalett under dekk. Det er heilt vanlige vassklosett som du har heime.
Kan eg ta med hobbyutstyr på turen?
Me får ofte forespurnadar om det er lov å ta med seg fiskeutstyr/fotoutsyr/SUP-brett/telt og liknande på tur.
Om bord på «Mathilde» er det begrensa med plass. Likevel prøver me så godt me kan å oppfylle ynskjer frå deltakarane våre. Me sett pris på om du tek kontakt med oss på forhånd slik at me kan plalegge og se kva me kan tilrettelegge for.
Kor stort mannskap er det på «Mathilde»?
Om bord på «Mathilde» har me eit tryggleiksmannskap på tre personer: Skipper, bestmann og kokk/matros. Disse tre har alle tryggleikskurs og passasjer- og krisehandteringskurs og er erfarne seglarar og sjøfolk. Kokken lagar frukost, lunsj og middag om bord. Mannskapet vil hjelpa dykk med det praktiske og vil undervegs læra dykk om sjømannskap og segling av «Mathilde».
Tryggleiken står i sentrum hjå oss. Ein skal føla seg trygg om bord på «Mathilde», og startar alltid opp med tryggingsreglane når dei kjem om bord. «Mathilde» er godkjend for 30 personar på overnattingsturar. Me har jamnlege tryggleiksøvingar og kontroll av utstyr. Tryggleik har fyrsteprioritet!
Ta kontakt med fartøyansvarleg Tone Solvang for meir informasjon.
Telefon: 41 44 82 40.
Epost: mathilde @ hvm.museum.no