Meny
Langs fjordarmar og kystliner
Bergen – Haugesund tysdag 28. juli – fredag 31. juli 2026
Bli med «Mathilde» på eit uforgløymeleg segltokt langs den vakre Vestlandskysten!
Her ventar eit mangfald av naturopplevingar, unike perspektiv og ekte kystkultur, med start i Bergen og avslutning i Haugesund. Langs ruta fårdu oppleva idylliske småstader og øysamfunn. Kvar kveld legg «Mathilde» til i ei ny hamn og brukar lokalitetane til aktivitetar, kveldsturar og opplevingar i fellesskap.
Turen kombinerer natur, kultur og historie. Det er ikkje ei reise i hast – men ei ferd i langsamt tempo, der vegen og «Mathilde» i seg sølv er destinasjonen. Ei oppleving for deg som søkjer nærleik til naturen og eit glimt inn i Noregs rike historie langs sjøvegen.
Praktisk informasjon
Varigheit: 28. – 31. juli 2026 (4 dagar, 3 overnattingar)
Start: Bergen, tysdag 28. juli. Oppmøte frå kl 10. Avreise kl 12.
Slutt: Haugesund, fredag 31. juli klokken 15:00.
Pris: 8900,-
Kva får du?
– Ein heilnorsk feire utanfor allfarvei! Eksotisk, lokalt og unikt!
– Overnatting på ein ny stad kvar kveld, om bord på «Mathilde».
– Instruksjon og praktisk opplæring i segling frå mannskapet om bord.
– Hengekøye og skipskiste som er dine mens du er om bord.
– Servert frokost, lunsj og middag alle dager på tur.
– Tilgang til lettbåt til idylliske roturar om kveldane.
Dag for dag – tidsplan
Tysdag - Frå Bergen og mot sørvest
Du mønstrar «Mathilde» og treffer mannskapet og dei andre deltakarane. Me vert kjend og finn oss til rette om bord.
Om bord er det tryggleiksmannskap på tre: Skipper, bestmann og kokk/matros. Desse tre har alle tryggleikskurs og passasjer- og krisehandteringskurs og er erfarne seglarar og sjøfolk. Kokken lagar frukost, lunsj og middag om bord. Mannskapet vil hjelpa dykk med det praktiske og vil undervegs læra dykk om sjømannskap og segling av «Mathilde».
Det vert ettermiddagsseglas med kurs sør-vest. Du og dei andre deltakarane vert kjend med rigg og segl. Me finn ei passande hamn blant Austevolls mange øyar. Det vert middag om bord medan kvelden fell på. Etter kvart finn kvar og ein hengekøya, eller legger seg på ein mjuk benk i «banjer» (allrommet om bord).
Onsdag - Inn i Hardangerfjorden
Dagen startar med ein god frukost før dagens etappe. I dag seglar «Mathilde» ein avstikkar inn sundet Langenuen, som bringer oss inn i ytre del av Hardangerfjorden. Ein av Noregs lengste og djupaste fjordar som kan by på dramatisk og vakker natur.
Landskapet forandrar seg gradvis undervegs. Her møter me frodige dalsider, små bygder og eit mylder av fossefall.
Det vert lunsj under segl og me kjenner på ei ro som berre finst her, om bord på «Mathilde» medan verda rundt oss glir sakte forbi.
Å segla i Hardangerfjorden byr på relativt rolege farvatn, og det finst mange moglegheiter for ankring og gjestehamner her. Seglasen får styre litt kor me legg oss til for natta denne dagen. Mannskapet er godt kjende her og veit kva for hamner «Mathilde» kan nytte seg av.
Etter å ha funne ei passande hamn for kvelden vert det god middag og ro for kvelden.
Torsdag - Ut mot havet!
I dag er planen å segla ut til kysten igjen. Etter frukost settest segl med kurs mot Espevær, ei lita øy i havgapet nord for Hardangerfjorden.
Om bord tek alle som ynskjer del i seglinga og navigeringa. Det er mektig å erfare at ein ikkje er avhengig av motor for å kome seg fram, sjølv ikkje med ein stor båt som «Mathilde».
Vel framme utforskar me Espevær, som er eit gamalt fiskevær med mykje historie heilt tilbake til steinalderen.
Fredag - Seglas til Haugesund
Den siste seglasen på turen går over det opne havstykket Sletta, på grensa mellom Vestland og Rogaland. På vegen vert det lunsj under segl med forhåpentlegvis god bør mot kystbyen Haugesund.
Vel framme pakkar du saman tinga dine og tek farvel med mannskapet og medseglarar etter fire dagar på eventyr saman.
Vind og vér er avgjerande på turen. Seglasen blir best når vi spelar på lag med vinden, og me tek difor høgde for at det kan koma endringar undervegs.
Hardangerjakta «Mathilde» vart bygd i Ølve i Hardanger i 1884. Ho er bygd i tre og har naturfiber både i tauverk og segl. Ho har mannskap beståande av skipper, bestmann, kokk og matros som er klare for å visa deg korleis ein seglar ei skute frå 1800-talet!
Bagasje og pakkeliste
Når du kjem om bord skal alle tinga dine pakkast ned i ei skipskiste på ca. 100 liter. Pakk difor smart og ikkje meir enn naudsynt. Støvlar, sovepose og yttertøy har me ikkje i kistene.
Harde koffertar tar mykje plass, så pakk helst i sekk eller mjuk bag, då desse vert stua vekk under benkane om bord etter utpakking.
Hugs at det på sjøen kan det vera kaldt sjølv om det er sol og fint ver, så det er viktig å ha med seg dei rette kleda. Ha alltid med varmt tøy sjølv om meldingane er gode.
Du kan risikera å få ein tjøreflekk eller to på kleda, så ta ikkje med plagg du er redd for. Merk tinga dine med namn.
Sovepose
Regnklede
Vasstette sko eller støvlar
Joggesko/fritidssko
Vindtett jakke
Vottar/hanskar og lue
Skjerf/hals
Varm ullgenser
Ullundertøy
Fritidsklede for perioden.
Undertøy og sokkar for perioden
Toalettsaker
1-2 handdukar
Shorts, solkrem og badetøy
Et sitteunderlag til å bruke på dekk
Drikkeflaske/termokopp
Øyreproppar
Mobillader
Tryggleik og forsikring
«Mathilde» har passasjersertifikat for freda og verna skip og er på kontroll hos Sjøfartsdirektoratet kvart år. Ho er utstyrt med moderne redningsutstyr og tryggleiksmannskapet(skipper, bestmann og kokk/matros) har tryggleikskurs for fart med passasjerar, som fornyast jamnleg.
«Mathilde» har P&I-forsikring, som er gjeldande når ein er om bord. Me anbefalar alle deltakarar å ha reiseforsikring.
Spørsmål og svar (FAQ)
Kan eg vera med om eg aldri har segla før?
Ja, det kan du! Om bord på «Mathilde» er det opp til deg kor mykje du ynskjer å delta i sjølve seglinga. Om du vil vere med å klatra i riggen, setje segl og vera med på navigering, så får du det. Om du heller vil sitje på dekk med ei god bok og berre nyta livet og utsikta, må du veldig gjerne det!
Du må ingenting, men kan vere med om du vil!
Må eg vera i god form for å segla med «Mathilde»?
Du må kunne komma deg opp og ned trappa til banjer sjølv. Elles er det ikkje nokre fysiske krav for å vera med på tur med Mathilde.
Kva skjer om det er mykje sjø eller dårleg ver?
Man kan ikkje garantere for solskin på vestlandet, og me kan oppleve å få regn på turen. Difor er det viktig å ha med seg kle til all slags vêr. Naturopplevingane vert ikkje mindre i regnvér – og du kan óg trekka under dekk om du ynskjer.
Mannskapet veljer rute og hamner etter vind og vér og som er mest behageleg for alle om bord. Om du vert sjøsjuk har med tablettar om bord som hjelper mot dette.
Må eg ta med meg redningsvest?
Nei. «Mathilde» har alt tryggleiksutstyr som trengs om bord.
Er det toalett om bord?
Ja. «Mathilde» har to toalett under dekk. Det er heilt vanlige vassklosett som du har heime.
Kan eg ta med hobbyutstyr på turen?
Me får ofte forespurnadar om det er lov å ta med seg fiskeutstyr/fotoutsyr/SUP-brett/telt og liknande på tur.
Om bord på «Mathilde» er det begrensa med plass. Likevel prøver me så godt me kan å oppfylle ynskjer frå deltakarane våre. Me sett pris på om du tek kontakt med oss på forhånd slik at me kan plalegge og se kva me kan tilrettelegge for.
Kor stort mannskap er det på «Mathilde»?
Om bord på «Mathilde» har me eit tryggleiksmannskap på tre personer: Skipper, bestmann og kokk/matros. Disse tre har alle tryggleikskurs og passasjer- og krisehandteringskurs og er erfarne seglarar og sjøfolk. Kokken lagar frukost, lunsj og middag om bord. Mannskapet vil hjelpa dykk med det praktiske og vil undervegs læra dykk om sjømannskap og segling av «Mathilde».
Tryggleiken står i sentrum hjå oss. Ein skal føla seg trygg om bord på «Mathilde», og startar alltid opp med tryggingsreglane når dei kjem om bord. «Mathilde» er godkjend for 30 personar på overnattingsturar. Me har jamnlege tryggleiksøvingar og kontroll av utstyr. Tryggleik har fyrsteprioritet!
Ta kontakt med fartøyansvarleg Tone Solvang for meir informasjon.
Telefon: 41 44 82 40.
Epost: mathilde @ hvm.museum.no