På tokt med Mathilde
Meny
Ein smak av Hardanger – på seglas med Mathilde
Ta del i ei eksotisk norsk feireoppleving med et variert program, der ein går i frå å vere om bord på den historiske hardangerjakta «Mathilde» til å slappe av i komfortable senger på det ærverdige Utne Hotel. Undervegs får du mange historiske og smakfulle opplevingar, alt mot bakteppet av Hardanger sin storslagne natur.

Start: Norheimsund 13. juni kl. 16.
Slutt: Norheimsund 15. juni kl. 14.
Varigheit: 13. – 15. juni 2025 (2 overnattingar, 3 dagar)
Transport: Buss eller eigen bil. Med bil er det ca. ein times køyring frå Bergen til Norheimsund og det er mogleg å parkere på Hardanger fartøyvernsenter. Det går også buss, sjå skyss.no for rutetider.
Adresse: Hardanger fartøyvernsenter, Sandvenvegen 50.
Pris frå 12 900,- per person

Dag for dag – tidsplan
Fredag 13. juni
Me møtast på Hardanger fartøyvernsenter kl 16 og mønstrar på «Mathilde». Vel innlosjert om bord, får du ei innføring i tryggleik medan me legg frå kai og begynner reisa mot Aga. Det vil verte sett segl og du som deltakar får høve til å vera med på oppgåvene knytt til dette.
På vegen inn fjorden vert det servert middag om bord og lokal sider.
På kvelden legg me til kai ved Aga sideri, der «Mathilde» ligg over natta. Om bord søv me i anten hengekøyer eller benkane i banjeren.
Laurdag 14. juni
Me vaknar friske og opplagde til en ny vakker dag på Aga. Me startar med frukost på dekk, mens me tar inn det spektakulære landskapet i Sørfjorden.
Me går i land og spaserer den korte turen opp til Agatunet, der me får omvising i det gamle klyngetunet med røter heilt tilbake til mellomalderen. Eit av høgdepunkta er Lagmannsstova, landet eldste rettslokale, bygd heilt tilbake i 1220.
Etter omvisinga i Agatunet, går me ned igjen til Aga sideri. Her får me omvising på garden, sidersmaking og ein smakfull lunsjplanke, fylt med tradisjonsrik mat og førsteklasses råvarer frå Hardanger.
I 14-tida reiser me med buss til Utne og verte tatt imot på Utne Hotel, bygd i 1722. Her får me tildelt kvart vårt hotellrom, som alle har historiske møblar og unike stilartar. Alle med eige moderne flislagde bad.
No ventar ein avslappande ettermiddag på Utne – der du kan slappe av og nyta ein dusj på hotellrommet ditt, gå ein tur eller ha gode samtaler over eit glas sprudlande sider.
På kvelden venter ein 5-retters middag i hotellets restaurant, basert på lokale råvarer.
Sundag 15. juni
Me nyter ein god frukost på Utne Hotel før me finn vegen tilbake til «Mathilde» igjen og set kursen tilbake mot Norheimsund. På vegen heim set me segl og nyt dei fantastiske omgjevnadane, med fjell, fonn og yrande natur Det vert servert ein smakfull lunsj på vegen.
Me avsluttar turen der me starta, på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.

Om dei ulike aktørane
Hardangerjakta «Mathilde» vart bygd i Ølve i Hardanger i 1884. Ho er bygd i tre og har naturfiber både i tauverk og segl. Ho har mannskap beståande av skipper, bestmann, kokk og matros. Det er eit sjøvant mannskap som står for tryggleik og trivsel om bord, og er klare for å visa deg korleis ein seglar ei skute frå 1800-talet!
Aga sideri er kjent for sin prisvinnande sider, laga med lokale råvarer. På turen vil du verte invitert inn på garden der sideren vert produsert og læra om prosessen frå treet til glaset.
Agatunet er eit autentisk mellomaldertun som gir deg innblikk i historia til regionen og rettshistoria til Noreg. Eit av høgdepunkta er Lagmannsstova, landet eldste rettslokale, bygd heilt tilbake i 1220.
Utne Hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerleg har vore i drift sidan 1722. Her skal du bu på eit av dei historiske romma og nyte ein 5-rettars middag laga på lokale råvarer.

Inkludert
♦ Segltur med hardangerjakta «Mathilde» med erfarent mannskap om bord.
♦ Innføring i segling, historisk sjømannskap og navigering med kart.
♦ Alle måltid. Middag, frukost og lunsj om bord «Mathilde», lunsj på Aga sideri, 5-retters middag og frukost på Utne Hotel.
♦ Sidersmaking på Aga sideri.
♦ Omvising i Agatunet.
♦ Overnatting om bord «Mathilde» og på Utne hotel.
♦ Rundtur på Hardangerfjorden, frå Norheimsund til Aga og tilbake.
♦ Skyss frå Aga til Utne og tilbake.
♦ Ei unik og eksotisk norsk ferieoppleving med sterk lokal forankring.
Kontakt og påmelding
Ved spørsmål, ta kontakt med fartøyansvarleg Tone Solvang, på telefon: 41 44 82 40.
Eller send epost til mathilde @ hvm.museum.no