Leirskulebrosjyre
Statsbudsjettet gir ei
tilskottsordning for å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit
leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Tilskottet skal medverke
til å dekkje lønnsutgifter til lærarane. Midlar til
leirskoleopphald for elevane er lagde inn i rammetilskottet til
kommunane. Det ligg her omlag 2000 pr elev. Med andre ord er det få
kommunar, om noen i det heile, som får ein eigenkostnad for at
elevane skal få ei veke med leirskuleundervisning.
I Noreg er det ei politiske
målsetting om eit opphald pr. elev i grunnskolen.
Leirskuleundervisning gir oppleving og læring i eit annleis miljø.
Det gir ei grunnleggande opplæring i friluftsliv og har eit
positivt helseaspekt.
Å segle ei veke med ei flott
historisk skute som Mathilde, er eit leirskuleopphald av dei
sjeldne. Det er eit minne for livet for heile klassen.
Orienteringshefte og anna
info/lenker finn du nederst på sida.
Ring oss på 47 47 98 39 om du lurer på noko, f.eks. når me har
ledige veker.
Når klassen drar på
leirskule med Mathilde kan de velje om de vil bestille eit
leirskulehefte som tek vare på minna frå uka de segla Mathilde. I
bilderekka under finn de døme på nokre sider frå eit slikt
hefte.
Mannskapet
Sidan Mathilde er ein seglande leirskule der tryggleiken
står i høgsetet, er me godt bemanna i forhold til andre leirskular.
Hos oss er det fem i mannskapet som sørger for at du på ein trygg
og sikker måte lærer om livet på ei Hardangerjakt. Det er skippar,
bestmann, kokk, leirskulelærar og jungmann.
Vekesprogrammet
Ver og vind styrer mykje av korleis me legg opp veka.
Difor er inga veke lik den andre om bord, sjølv om rutinane er dei
same, og me har aktivitetar som me legg vekt på.
Tryggleik
Basis for alt om bord i Mathilde er sikkerheit. Den grunnleggjande
haldninga er bærebjelka for tryggleiken om bord. Me lærer at sånt
som skriking og vifting med armer ikkje skal brukast i utrengsmål.
Det er viktig å lære reglar slik at ein unngår å utsetja seg og
andre for fare, og korleis me tek ansvar ikkje berre for oss sjølv,
men også for kvarandre. Ingen klarer seg åleine til sjøs,
felleskapet er viktig. Når me sørgjer for at sikkerheita ligg trygt
i botn, kan me leika og ha det kjekt med alt det andre!
Sjømannskap
Når skuta er i fart går elevane sjøvakter under kunnig leiing av
mannskapet. Dei står utkikk, styrer og går sikkerhetsvakter. Dei
lærer seg å bruka og lesa vaktlister, og bli fortrulig med
fordeling av arbeidsoppgåver. Det er stort å kjenne at no, no er eg
med på å styre skuta.
Tauarbeid
Knop og spleis. Det er viktig å læra seg knop og stikk slik at ein
kan handtera tau og fortøya ein båt på ein trygg måte. Kvar dag er
ein ny knop landgangsprøve. Det er motiverande for læringa. Dei som
ynskjer det får halde på med handarbeid i tau på fritida.
Segling og manøvrering
Den tradisjonelle norske råsegl-riggen i kombinasjon med
gaffelriggen utgjer seglgarderoben til Mathilde. Me lærer om og får
prøve dei ulike segla. Aerodynamikk er spanande. Elevane får prøva
ut teorien dei har lært på morgonen i praksis når me går ut og
seglar. Det vert setjing av segl, å snu skuta mot og medvinds og
oppleve samspelet mellom dei einskilde segla. Me står på dekk og
kjenner kreftene ta tak. Det er herleg!
Navigasjon
Me startar med å lese kart, tolka navigasjonshjelpemidla som
lykter og stakar. Nokre klassar er vane med å lesa kart. Då kjem me
litt lenger i undervisninga. Det blir å legga opp ein kurs for ein
seilas der ein tek omsyn til navigasjonhjelpemidla me finn i
leia.
Maritime livet
Me går tur i fjæra og ser på ulike strandsoner. Fangsten vår vert
studert og artsbestemt. Det er kjekt når me får fram oppdagergleda
hos elevane igjen, som det å løfte på ein stein og sjå mylderet av
liv. Me må ikkje slutta med å undre oss.
Fiske
Me lærer litt om dei ulike fangstmetodane. Med robåten vår set me
garn som me trekker neste morgon. Me brukar litt tid på å vurdera
og studera fangsten. Korleis sto garnet når me fekk det me fekk
(eller ikkje fekk). Me studerer fisken, og lærer om å håndtere den
slik at det vert god matfisk for kokken vår.
Historie
Ein elev stod med såre og raude nevar ein regnværsdag etter å ha
vore med og heist storseglet og sa: "Segla dei verkelig dette heile
året i snø òg? Det er eg glad for at eg slepp." Då tenkte skipparen
at no har du skjønt noko du ikkje kunne ha lest deg til i ei bok.
Elevane som går i land etter ei veke på Mathilde tek med seg litt
respekt for karane som segla kysten vår og la grunnlaget for liv
langs med kysten. Det er god ballast for vegen vidare å skjøna at
det finst andre verder me ikkje heilt fattar utan å ha kjent litt
på dei.
Då håper me at me kan ynskje dykk velkommen ombord til ei
kjekk, annleis og lærerik leirskuleveke.
Lurer du på noko så ikkje
nøl med å ta kontakt. Me har eit orienteringshefte som me sender ut
til klassar som vurderer å vera med oss.
Skuta, livet om bord og handteringa av segl og skipet, er
bærebjelken i opplegget. Samstundes nyttar me naturen og miljøet
rundt oss til auka kunnskap. Me set garn og ser på livet i
fjæra. Når me kjem til ei hamn så tek me i bruk hamna,
snakkar med folk, besøker det lokale museet og lærer litt om
lokalsamfunna.
Dei fleste leirskuleturane med Mathilde tek fem dager og starter
på fartøyvernsenteret i Norheimsund, men me har og kortare turar.
På måndagar kastar me loss, og legg ut på ei oppdagingsferd. Kvar
kveld legg me til i ei ny hamn som kan vera med og fortelja ei
spanande del av kystsoga vår.
Ein
skuleklasse har lagd ein bildekavalkade frå tokt med
Mathilde.
Vi håpar du blir med på eit leirskuletokt med Mathilde samen med
klassen din.