Ledige stillingar
Ledige stillingar hos Hardanger fartøyvernsenter
Me har ledig 100% fast stilling som:
Trebåtbyggjar
Arbeidsoppgåver:
-
Skipstømring, innreiing m.m. i samband med istandsetjing av verna, freda tre- og stålfartøy.
-
Instruksjon av lærlingar.
Den ideelle kandidaten har:
- Fagbrev som trebåtbyggjar.
- Teknisk forståing for korleis eit fartøy er bygd.
- Kunnskap om historiske fartøy og maritim kulturhistorie.
- Gode norskkunnskaper.
Annan relevant bakgrunn (t.d. tømrar, møbelsnikkar) kan vera aktuell kvalifikasjon.
Stillinga inneber noko reiseverksemd, då me har oppdrag i heile landet.
Personlege eigenskapar:
Du er ryddig, engasjert og omgjengeleg og meistrar å arbeide effektivt. Du er lagspelar som er oppteken av positivt arbeidsmiljø og HMT. Du set høge krav til kvalitet, og har interesse og erfaring med antikvarisk istandsettjing.
Me tilbyr:
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar
Hardanger og Voss museum er opptekne av mangfald og me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med einingsleiar Sidsel Haugen på telefon 41 10 36 43 eller epost sidsel.haugen@fartoyvern.no
Send søknad til personal@hvm.museum.no innan 2. april 2026.
Utdanning i handverksfag
Me søkjer etter nye lærlingar
Er du vår nye båtbyggjarlærling, smedlærling eller tømrerlærling?
Søknadsfrist 9. april
Send søknad til personal@hvm.museum.no eller via Finn.no
Interessert i å bli trebåtbyggar, smed, tømrar eller reipslagar?
Hardanger fartøyvernsenter er godkjend lærlingbedrift for tømrar- trebåtbyggar- og reipslagarfaget. Som lærling hos oss vil du få varierte og utfordrande oppgåver frå erfarne læremeistrar.
Les meir om utdanningane her: