– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Nordisk Gaffelriggseminar 2026 – Stockholm

17sep(sep 17)08:0020(sep 20)15:00Nordisk Gaffelriggseminar 2026 – Stockholm

Arrangement info

Torsdag 17. – sundag 20. september i skjergarden Stockholm

Me har gleda av å invitere til nok eit nordisk gaffelriggseminar – det tolvte opne seminaret i rekka!

Denne gongen skal me segla i Stockholms skjergard i samarbeid med «Segelfartyget Ellen»

Fartøya som deltek er lokale båtar frå Stockholmsområdet.

Deltakarane kan koma om bord om kvelden den 16. september.

Oppmøte og avslutning på Stavsnäs vinterhamn.

Program vert tilsendt etter påmelding.

Heile deltaker-/seminaravgifta vert betalt ved påmelding. Frist for å melda seg på er 1. september.

Har du spørsmål om kurset ta kontakt med Morten Hesthammer (morten.hesthammer@gmail.com)

Seminarutgifta som du betalar her gjelder for alle dagene og inkluderar mat og overnatting om bord på deltakande fartøy frå onsdag kveld til sundag.

Du må fylle inn namn og kontaktinformasjon på alle deltakarar om du bestiller for andre.

Tidspunkt

17. September 2026 08:00 - 20. September 2026 15:00(GMT+00:00)

Get Directions