– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Føredrag: Folgefonna smeltar - kva vert konsekvensane?

01oct18:0019:30Føredrag: Folgefonna smeltar - kva vert konsekvensane?18:00 - 19:30

Arrangement info

Bli med på ei engasjerande og visuelt sterk reise inn i dei skandinaviske fjella si fortid, notid og framtid! I denne presentasjonen får du høyre siste nytt frå forskingsfronten om klimaendringar, ekstremvêr, snø og is, og kva som eigentleg skjer når breane våre forsvinn. Du får innsikt i korleis jetstraumen, Golfstraumen og havis påverkar vêr og klima på Vestlandet, og du får unike glimt inn i forsking på Folgefonna samt framtidsscenario for fjellandskapet vårt – alt støtta av sterke bilete og ferske data.
Jostein Bakke er professor ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen og tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking. Han forskar på korleis klimaet har endra seg gjennom tusenår, med særleg fokus på brear, vasskraft og hydroklima langs vestlandskysten og i polarområda. Bakke leier Centre for Mountains in Transition (CMT), eit senter som arbeider med å forstå og formidle korleis fjell og brear er i endring i møte med eit varmare klima. Han er òg medlem av Det Norske Vitenskaps-Akademi. Med bein planta i både laboratoriet og fjellet engasjerer Bakke seg sterkt i å bringe klimaforsking ut til eit breiare publikum.
Føredraget startar kl. 18, billettar kan kjøpast på nett, og i døra. Inngang 125 kr og kafeen er open frå kl. 17.
Foto: Jostein Bakke

Tidspunkt

1. October 2026 18:00 - 19:30(GMT+00:00)

Lokasjon

Hardanger fartøyvernsenter

Andre arrangement