– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ro ein tur på fjorden

Opplev Hardangerfjorden i robåt

Trebåten og fjorden høyrer saman

Det er ikkje mykje som kan måla seg med det å ro ein tradisjonsbygd trebåt på den vakre Hardangerfjorden. Ein liten rotur på 30 minutter er inkludert i museumsbilletten. Vil du bli ute lengre, kan du leige båt per time eller dag. Lengre ned på sida finn du informasjon om våre båtar og utleige.

Du treng ikkje reise langt!

Frå fartøyvernsenteret er det berre 400 meter ut til Sandvenholmen. For mange er det ikkje berre nok, men også ein veldig fin tur! Her ute kan du setja deg i enga, sjå ut fjorden over til Folgefonna og nyte synet av ungane dine som leikar i fjøra.

Å ro saman er ein kjekk aktivitet

Det er plass til 28 personar når me brukar alle båtane våre. Ta kontakt, så lagar vi eit opplegg som passer til deira gruppe.

Båtutleie

Fartøyvernsenteret leiger ut fire robåtar i tre, tradisjonsbåtar som er bygde på småbåtverkstaden vår:

  • 2 færingar
  • ein seksæring
  • ein åttæring

Me gir deg opplæring og låner ut naudsynt sikkerheitsutstyr.

Båttypar og maks kapasitet for vaksne

Båttype
På fjorden 
(rolig vêr)
Dagstur
Med bagasje
Segling*
Kommentar
Strandebarmsfæring 4 3 2 3  
Hardangerfæring 4 3 2 3  
Hardangerseksæring 8 5 4 4  
Hardangeråttæring 10 6 5 Tradisjonell kyrkjebåt

*Krev seglkunnskap.

Prisar og booking

  • Rotur (30 min) er inkludert i inngangsbilletten
  • Leie utover en halvtime: frå 200 kr per time eller 600 kr per dag.

Rotur inkludert i inngangsbillett krev ikkje førehandspåmelding. Båtane vert lånt ut etter «førstemann til mølla»-prinsippet i opningstida.

Det er ikkje mogleg å starte ein båttur dei siste 60 minuttane før museet stenger.

Ønskjer du å leige båt for ei lengre tur? Ta kontakt med oss.

Kontaktinformasjon: +47 474 79 839 / visit@fartoyvern.no

Booking

+47 474 79 839 / visit@fartoyvern.no