Ledige stillingar
Ledige stillingar hos Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter utpeika av Riksantikvaren, og ei avdeling i Hardanger og Voss Museum. HFS er ei allsidig verksemd som driv med restaurering av verna og freda fartøy og bygningar, nybygging og restaurering av småbåtar, lærlingtilbod, museumsverksemd, leirskule og reiseliv. HFS eig og driv hardangerjakta Mathilde. HFS held til i Norheimsund og har rundt 40 medarbeidarar. HFS driv aktiv formidling og er ope for publikum året rundt.
Hardangerjakta Mathilde søker kokk/ kokekyndig – sesong 2026
Har du erfaring med matlaging og lyst på en unik jobb til sjøs? Me søkjer ein kokekyndig person til Hardangerjakta Mathilde for seglingssesongen 2026!
Om Mathilde
Mathilde er ein over 140 år gammal, 73 fot lang hardangerjakt som har vore i drift sidan 1989 etter restaurering. Me seglar frå mars til oktober med leirskule, utleigetokt og andre oppdrag. Ombord har me eit fast mannskap på tre: skipper, bestmann og kokekyndig, og ofte ein ekstra matros eller leirskulelærar i periodar.
Mathilde eiges og drivast av Hardanger Fartøyvernsenter, ein avdeling under Hardanger og Voss museum.
Om stillinga
Som kokekyndig på Mathilde har du ansvar for å laga næringsrik og god kvardagsmat til leirskuleelevar og andre medseglarar. Du vil planleggja menyar, handla inn og stå for matlaginga om bord.
Mange av gjestane våre er born, så det er viktig at du trivst i lag med dei.
Me ser etter deg som:
- Har erfaring med matlaging, gjerne frå storkjøkken, kantine eller tilsvarande.
- Er strukturert, sjølvstendig og løysningsorientert.
- Likar å skapa gode opplevingar
- Trivst med å jobba på få kvadratmeter og tett på resten av mannskapet og passasjerar.
- Har gode samarbeidsevner og eit godt humør.
- Snakkar og forstår norsk godt.
- Har eit hjarte for historiske seglskuter og tradisjonsformidling.
- Kjenner deg igjen i våre verdiar; truverdig, raus, engasjert.
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Grunnleggande tryggleikskurs for sjøfolk (STCW tabell A-VI/1-1, 1-2, 1-3, 1-4)
- Passasjer- og krisehandteringskurs.
- Gyldig vandelsattest frå Politiet.
- Helseattest frå sjømannslege.
I enkelte tilfelle kan arbeidsgjevar, etter nærare avtale, dekke kostnader til nødvendige kurs.
Kvifor Hardangerjakta Mathilde?:
- Ei unik skute, med unik historie.
- Du blir ein del av eit uformelt og engasjert fagmiljø ved Hardanger Fartøyvernsenter.
- Ingen dagar er like, og du får oppleva Norskekysten frå orkesterplass.
- Minner for livet – for gjester og mannskap
- Me tilbyr kost og losji om bord under tokt, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Praktisk informasjon
- Varigheit: Sesongvikariat mars–oktober 2026, (nøyaktig dato etter avtale).
- Løn: Etter avtale
- Søknadsfrist: 15. februar 2026
Send søknad med CV og relevante attestar til personal@hvm.museum.no.
Spørsmål om stillinga kan rettast til fartøyansvarleg Tone Geirsdatter Solvang på telefon 41448240.
Utdanning i handverksfag
Interessert i å bli trebåtbyggar, smed, tømrar eller reipslagar?
Hardanger fartøyvernsenter er godkjend lærlingbedrift for tømrar- trebåtbyggar- og reipslagarfaget. Som lærling hos oss vil du få varierte og utfordrande oppgåver frå erfarne læremeistrar.
Vi publiserer utlysing av ledige lærlingplasser på denne sida.
Les meir om utdanningane her: