Kulturnaustet opnar: Ny inngang til kystkultur og maritim historie
Hardanger fartøyvernsenter får nytt publikumsbygg! Kulturnaustet står klart til å ta imot sommarens besøkande og vert offisielt opna av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery laurdag 14. juni kl. 14.00 under Trebåtfestivalen i Norheimsund. Men alt frå 2. juni er det høve for besøkande å koma inn og ta i bruk dei nye fasilitetane.
Kulturnaustet er eit moderne, universelt utforma bygg med ny kafé, utstillingssal og filmsal. Publikum får opplevingar i ny drakt, biletspelet «Då sjøen var vegen» har fått oppdatert teknisk kvalitet og ny slutt. Filmen er produsert av Randi Storaas. Aktivitetane for born, som reipslaging og leikebåtverkstad, er utvida. Og nokre nye aktivitetar har kome til.
Sidan starten i 1984 har Hardanger fartøyvernsenter vakse frå restaurering av «Mathilde» i ein gammal møbelverkstad, til å bli eit nasjonalt kompetansesenter og ein sentral aktør i formidlinga av kystkultur og fartøyvern. Med Kulturnaustet vert denne rolla styrkt.
Bygget er teikna av arkitektane Solveig Valland (Geoplan AS) og Lars Berge (LJB AS), og er bygd for å tola både tid og klima. Materialbruk og løysingar sikrar god funksjon, låge driftskostnader og høg estetisk kvalitet. Kulturnaustet er del av den nasjonale satsinga på kystkultur i Museumsmeldinga (Meld. St. 23, 2020–2021), der Hardanger fartøyvernsenter er eitt av seks prioriterte prosjekt.
– No gler me oss til å ta imot alle som vil sjå og oppleva Hardanger fartøyvernsenter og den nye møtestaden Kulturnaustet. Her er noko for ein kvar smak og alder, seier direktør ved Hardanger og Voss museum, Åsmund Kristiansen
Foto: Silje Ensby
Foto: Lars Arvid Oma