No opnar Kulturnaustet!
Endeleg står praktbygget klart til å ta i mot publikum.
Den 2. juni kl. 10 opnar me dørane til det nye Kulturnaustet.
Kulturnaustet er resultat av eit utviklingsprosjekt med mål om vere ein inkluderande møteplass for kulturopplevingar, der lokale og tilreisande kan koma tett på handtverket og den levande kulturarven. Det nye bygget rommar blant anna kafé med fjordustikt, utstillingar, auditorium/ filmsal og fagbibliotek med meir.
Offisiell opning 14. juni
Du er òg invitert til den offisielle og høgtidelege opninga av Kulturnaustet i Norheimsund 14. juni. Me får besøk av Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery som skal opn
Program for dagen 14. juni:
- Kl. 14.00: Offisiell opning. Helsingar og musikkinnslag.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery opnar Kulturnaustet. Ope for alle. - kl. 15.00: Hardanger trebåtfestival med mykje som skjer.
Dåp og sjøsetting av nybygd kyrkjebåt, ved slippen på Hardanger fartøyvernsenter.
Velkomen!