Oppdatering Kulturnaustet – februar
Plutselig vart det 2025 og i løpet av våren blir det innflytting i det nye Kulturnaustet! Etter planen skal bygget opne for publikum til sesongstart i starten av juni, med offisiell opning den 14. juni.
Me gler oss!
Tar form
Frå utsida er det mykje som har skjedd med fasaden, alle vindauger og det meste av kledninga er på plass. Innvendig skjer det også mykje. I desse dagar blir kjøkenet i første etasje montert. I Solheimsverkstaden er våre eigne handverkarar godt i gang med å lage innredning til biblioteket oppe på mesaninen.
Utanfor Kulturnaustet er det planlagt ny leikebåtverkstad der dei minste båtbyggjarane vil få eit fint nytt basseng dei kan teste båtane sine i.
Strandvegen
Arbeidet med Strandvegen går på fram. Snart vil det vere mogeleg å gå eller sykle frå Norheimsund via Strandvegen foran Kulturnaustet og videre opp til Vikøyvegen bak Handverkartunet.
- Fasade. Foto: Tine Kjosås
- Ny gang og sykkelveg bak Handverkartunet. Foto: Tine Kjosås
Oppdaterte bilete
Nye teikningar av Kulturnaustet frå arkitekten.
- Illustrasjon: LJB As
- Illustrasjon: LJB As