– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Oppdatering frå Kulturnaustet – april

Tida flyr og no har det gått over eit halvt år sidan første spadetak vart satt i jorda. Store ting har skjedd sidan forrige nyhendebrev og jobben med prosjektet går på fram. No kan ein verkeleg sjå stor framgang med Kulturnaustet og Handverkartunet.

Her er noko av arbeidet som har vorte gjort på Kulturnaustet:

  • Det gamle Kulturnaustet/ICA-bygget er rive, utanom verkstaden til opplæringsarenaen.
  • Ny bru er støypt i betong over til “verftsområdet” og denne er open for trafikk og gåande.
  • Betongplate til sjølve Kulturnaustet er støypt. Heissjakt og etasjeskiller er òg på plass
  • Andre etasje tar form og ein kan sjå reisverket til veggane ta form.
  • Det er bora etter grunnvarme rundt bygget
  • Ein ny oppstillingsplass til bussar er bygd i naturstein ved innkjøyringa til den store parkeringsplassen
alt="Et nytt bygg skrider frem. En gul trebygning står inntil et nybygg som bare består av betongskiller og stålbjelker og en heissjakt. I bakgrunnen er det fjell og fjord.

Kulturnaustet har fått første etasje på plass. Foto: Tine Kjosås

Parkering

Det er framleis begrensa med parkeringsplassar til besøkande nær inngangen til fartøyvernsenteret. Vi oppmoder deg til å bruke kommunal parkering i nærleiken viss du skal besøke oss.

Blå himmel over en anleggsplass, store betongvegger er satt opp bak et byggegjerde. En heiskran. Bakker og skog i bakgrunnen

Det nye Handverkartunet Foto: Tine Kjosås

Handverkartunet tar form

Anleggsarbeidet også i gong på «hi sio» av Sandvenelva. Ved smietunet er arbeidet med det nye Handtverkartunet starta. Grunnarbeidet er ferdig og betongveggar mot Vikøyvegen er støypt. Det nye bygget skal innehalde magasin for klinkbåtsamling og gjenstandsarkiv / nasjonaltdelelager. Tunet utanfor skal fungere som utandørs verkstad og opplæringsarena. På baksida kjem ny gang- og sykkelveg mot Vikøy og ny personalparkering.

En stor hall med vegger av planker med mellomrom. To mennesker arbeider med et langt reisverk av tømmer

Reisverk til det nye Handverkartunet Foto: Mathias Zeh

På Voss har bygging av reisverket allereie kommet langt. Som ein del av eit opplæringsprosjekt deltek studentar frå NTNU og Fagskolen i Vestland i bygginga. Resultatet: ca. 18 meter med veggar i bindingsverk som vert frakta i delar til Norheimsund, og montert på plassen når fundamentet til Handverkertunet er klart.

Kva skjer framover?

Mellombels publikumtilkomst vil vere langs bekken og inn hovudinngangen ved sjøhuskaféen og er klar medio mai.

Strandvegen til fartøyvernsenteret vil halde fram med å vere stengt.
Siste veke i mai vert det asfaltering av bussoppstilling og vendehammar i Sandvenvegen i tillegg til område framfor Handverkartunet.
Etter pinse vert det montering av ferdig hogd reisverk, dette fortset fram mot sommaren.

Takk, for at du tek omsyn til anleggstrafikk og følgjer skilting på plassen!