Velkomen på besøk!
Sommaren er i gong — i Kulturnaustet! No har både kafé og formidlingstilbud ope kvar dag kl.10-17. Me ser kor flott det nye publikumsbygget fungerer, og gler oss til ein sommar rik på gode opplevingar med besøkande frå nær og fjern. Velkomen til oss!

Nyhende frå Kulturnaustet
Kulturnaustet opnar: Ny inngang til kystkultur og maritim historie
Hardanger fartøyvernsenter får nytt publikumsbygg! Kulturnaustet står klart til å ta imot sommarens besøkande og vert offisielt opna av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery laurdag 14. juni kl. 14.00 under Trebåtfestivalen i Norheimsund....
Kva er Kulturnaustet?
Kulturnaustet er eit utviklingsprosjekt med mål om at folk skal koma tett på maritim kultur. Kulturnaustet vil vere ein inkluderande møteplass for kulturopplevingar, og ein møteplass for lokale og besøkande som ønsker å komme tett på blant anna handtverket og kystkultur. I tillegg bidrar prosjektet til tettstad- og attraksjonsutvikling i Norheimsund og Kvam.
Prosjektet er ein del generalplanen Tett på, som tar for seg utvikling av Hadanger fartøyvernsenter (HFS) med verft, maritimt museum og uteområde.
Kva får Kulturnaustet?
Grunnplanet i Kulturnaustet blir til nytt publikumsmottak med resepsjon, utstilling, butikk og kafé med panoramautsyn til fjord og fonn. Utandørs vil det bli ny tilkomst og bussparkering og maritim vitenpark. Opplæringsverkstaden i vestenden av bygget held fram. Utbygginga gir også nytt delelager og P-areal.
I tilbodet vårt vil me vidareføre våre satsingar på å læra gjennom å gjera og vår tunge satsing på immateriell kulturarv, tradisjonshandverk og maritime kulturuttrykk.
I andre høgda vert alle kontorarbeidsplassar samla i eitt fellesskap for Hardagner fartøyvernsenter og Hardanger og Voss museum sin stab. Her vert òg felles garderobe for dei tilsette, fagbibliotek og dokumentasjonssenter ope for publikum.
Strandvegen frå Norheimsund vil bli ført vidare og kobles på gang- og sykkelveg i Vikøyvegen.
Kulturnaustet og tilboda til dei besøkande vil få universell utforming.
Miljøprosjekt i Sandvenelva
I samband med bygging av Kulturnaustet vil vi samstundes utføre utbetring av Sandvenelva. Elva ligg midt i området for dei nye planane og danner eit naturleg skille mellom den nye og gamle delen av HFS.
Planen er å restaurere elveløpet gjennom å fjerne ueigna masser, uønskte planter (parkslirekne) og å gje betre levevilkår til sjøaure og anna liv i elva. Samstundes med dette arbeidet skal vassdraget sikrast betre mot flaum.
Prosjektet er tildelt midler frå Miljødirektoratet.
Informasjon:
Oppstart: slutten av august 2023
Ope for publikum: 2. juni 2025
Offisiell opning: 14. juni 2025
Totalentreprenør: Åsane Byggmesterforretning AS
Byggherrerepresentant og rådgjevande ingeniør: H2 Hardanger
Arkitekter: Siv.ARK Solveig Valland ved Geoplan AS og ARK. Lars J. Berge ved LJB AS.