Prosjektside – Kulturnaustet
Nyhende frå Kulturnaustet

Byggestart for nytt publikumsbygg
No kan vi endeleg sette spaden i jorda for nytt publikumsbygg! Bygget som har vore planlagt og arbeidd med i fleire år har fått oppstartsdato hausten 2023. Det er entreprenør Åsane Byggmesterforretning AS som har blitt tildelt oppdraget. Det nye...
Besøk og tryggleik i anleggsfasen
Vi held ope i heile byggefasen.
Men med bygningsarbeid tett på museet og arbeidsplassar er vi særleg opptekne av å gje god informasjon og vareta tryggleiken til våre besøkjande og tilsette, difor vil vi legge til rette for alternativ parkering og gangvegar utanom anleggsplassen.
Kva er Kulturnaustet?
Kulturnaustet er eit utviklingsprosjekt med mål om at folk skal koma tett på maritim kultur. Kulturnaustet vil vere ein inkluderande møteplass for kulturopplevingar, og ein møteplass for lokale og besøkande som ønsker å komme tett på blant anna handtverket og kystkultur. I tillegg bidrar prosjektet til tettstad- og attraksjonsutvikling i Norheimsund og Kvam.
Prosjektet er ein del generalplanen Tett på, som tar for seg utvikling av Hadanger fartøyvernsenter (HFS) med verft, maritimt museum og uteområde.
Kva får Kulturnaustet?
Grunnplanet i Kulturnaustet blir til nytt publikumsmottak med resepsjon, utstilling, butikk og kafé med panoramautsyn til fjord og fonn. Utandørs vil det bli ny tilkomst og bussparkering og maritim vitenpark. Opplæringsverkstaden i vestenden av bygget held fram. Utbygginga gir også nytt delelager og P-areal.
I tilbodet vårt vil me vidareføre våre satsingar på å læra gjennom å gjera og vår tunge satsing på immateriell kulturarv, tradisjonshandverk og maritime kulturuttrykk.
I andre høgda vert alle kontorarbeidsplassar samla i eitt fellesskap for Hardagner fartøyvernsenter og Hardanger og Voss museum sin stab. Her vert òg felles garderobe for dei tilsette, fagbibliotek og dokumentasjonssenter ope for publikum.
Strandvegen frå Norheimsund vil bli ført vidare og kobles på gang- og sykkelveg i Vikøyvegen.
Kulturnaustet og tilboda til dei besøkande vil få universell utforming.
Miljøprosjekt i Sandvenelva
I samband med bygging av Kulturnaustet vil vi samstundes utføre utbetring av Sandvenelva. Elva ligg midt i området for dei nye planane og danner eit naturleg skille mellom den nye og gamle delen av HFS.
Planen er å restaurere elveløpet gjennom å fjerne ueigna masser, uønskte planter (parkslirekne) og å gje betre levevilkår til sjøaure og anna liv i elva. Samstundes med dette arbeidet skal vassdraget sikrast betre mot flaum.
Prosjektet er tildelt midler frå Miljødirektoratet.
Informasjon:
Oppstart: slutten av august 2023
Planlagt ferdig: mai 2025
Totalentreprenør: Åsane Byggmesterforretning AS
Byggherrerepresentant og rådgjevande ingeniør: H2 Hardanger
Arkitekter: Siv.ARK Solveig Valland ved Geoplan AS og ARK. Lars J. Berge ved LJB AS.