Nordisk gaffelriggseminar
Nordisk Gaffelriggseminar 2026
Program 2026
Sjå eksempel på tidlegare program her.
Pris
3850,- NOK
Seminarutgifta inkluderar mat og overnatting om bord på deltakande fartøy frå onsdag kveld til sundag.
Heile deltaker-/seminaravgifta vert betalt ved påmelding.
Lenke til påmelding kjem snart.
For meir informasjon om kurset, kontakt:
Morten Hesthammer
E-post: morten.hesthammer@fartoyvern.no
Segelfartyget Ellen Stockholm. Foto: Peter Rundström
Kva skjer på eit Nordisk gaffelriggseminar?
Praktisk læring gjennom segling med ulike skuter som har gaffelrigg.
- Du år praktiske tips om korleis tekniske ting om bord kan gjerast og løysast.
- Det vert mykje segling og relevante føredrag om ulike tema.
- Du ser og får gode innspel til korleis ein har løyst oppsettet av rigg på ulike skip.
- Du er i lag med andre entusiastar som er med er opne og villige til å lære frå seg.
- Det er eit sosialt og inspirerande fellesskap.
- Det vert arrangert på ulike stader kvar år.
- Du lærer noko nytt om korleis segle og handtere rigg og fartøy.
Er du ung og vil vere med på Gaffelriggseminar?
Sjå denne lille snutten.
Video frå seminaret i Bergen 2025
Produsert av: Are Sakarias Grønsund & Stephan Reis
Videoar frå seminaret i Grimstad 2023.
Frå seminaret i 2022 i Middelfart Danmark:
Under finn du blant anna fleire videoar frå tidlegare seminar.