– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kvamsøy rundt

14jun15:0020:00Kvamsøy rundtStart ved Hardanger Fartøyvernsenter

Arrangement info

”Kvamsøy rundt” Laurdag 14. juni kl.15.00

Til alle dykk

som har robåter i tre

eller kjenner ein med robåt

eller berre ønskjer ro i sjela

I år er det 25 års jubileum  for Hardanger trebåtfestival. I det høvet ynskjer vi å markere med å ta opp igjen roturen «Kvamsøy rundt»  som vart arrangert frå 2002- 2006. I år har vi kombinert arrangementet med « Den store roen. Det betyr at andre robåtar med mannskap kjem tilreisande denne helgen  og mellom anna vert med på Kvamsøy rundt. Påmelding gjør du på www.trebaat.no

Denne dagen eller heile helgen  vert du soleis invitert til å ta del i denne mønstringa  av robåtar i Hardanger.

Om du er den lukkelege eigar av ein robåt i tre, oppmodar me deg til å ta han inn til Norheimsund fredag kveld  slik at resten av deltakarane på festivalen får nyta synet av den vakre og mangslungne flåten av småbåtar. Kjem du med båthengar er det råd å setja båten ut i fjøra ved slippen på Hardanger fartøyvernsenter i løpet av fredagen.

Dei som ikkje har båt men som ynskjer å vere med, eller på andre sida har båt og treng roarar, ring Peter på tlf. 48062449 så tek med oss av koplinga mellom båt og mannskap

Seinast kl.1500 Laurdag 14 juni samlast båtane i bukta ut forbi slippen /Mathildekaien- Hardanger Fartøyvernsenter for å ta del i dåp og sjøsetting av nybygd seksæring til Ås kystlag  

Sjøsettinga av den nybygde Hardangerseksæringen er startskotet for roturen, og flåten med tusenårsbåten i spissen sig ut gjennom Norheimsundet. Me passerer sør for dei segnomsuste Vallandsholmene til dei vakraste tonar frå  hardingfela i ronga utover Samlahavet.

Aldri har vel ein kvemming eller japanar trudd han skulle kunna gå turrskodd frå Børvenes til Buanes, men tanken er hugtakande når heile Østensøe skipreie vert samla til allsong der ute på fjorden.

Me ror vidare gjennom Øykalvsundet og inn til piknik i Hamna på Kvamsøy.

Etter herleg kvila i den vakre rullesteinskledde vika, går ferda vidare presis 1800 rundt Kvamsøen og nordvest av de store dyp 859 muh.. Det skal være godt om auer på 820, men han e som regel laus i kjeften, så vi ror vidare.

Ein fyljebåt vil verna om flåten i det tjukke og det tunne mot barbarane frå andre fjordstrok (kanskje ligg dei på lur bak Aksnesholmane i sine lurvete farkostar ovmette etter grasale inntak av rå fugleegg frå dei freda holmane).

Slår vinden seg vrang har vi alternative ruter på lur. Me reknar med å koma attende til Norheimsundet om lag kl.2000 med ro i sjela. For dei som ynskjer er det fellesmiddag på Bota. Påmelding skjer på skippermøte kl 2100 Fredag kveld.

Hugs redningsvest, varme klede og regnkle, nistekorg og ”nokre pølser til at grille”! Mobilnr. til følgjebåt: 90679902 Kasper Krogh Hansen

Regnet stoppar ikkje ein vestlending.

Kom som du er, ro som oss!

Venleg helsing Peter Helland-Hansen mobil 48062449

Hardanger Båtfestival/ arbeidsutvalet ”Kvamsøy rundt”

Foto: Peter Helland-Hansen

Tidspunkt

14/06/2025 15:00 - 20:00(GMT+02:00)

Lokasjon

Hardanger fartøyvernsenter

Andre arrangement