Føredrag: Norsk skipsbygging på 1800-talet
12feb18:0020:00Føredrag: Norsk skipsbygging på 1800-taletPionerane frå Hardanger og Sunnhordland
Arrangement info
Håvard Gjerde er fartøyvernkonsulent ved Hardanger Fartøyvernsenter og vil i dette føredraget fortelja om pionerane innan norsk skipsbygging frå Hardanger og Sunnhordland. Gjennom heile 1800-talet skulle fleire driftige folk frå
Arrangement info
Håvard Gjerde er fartøyvernkonsulent ved Hardanger Fartøyvernsenter og vil i dette føredraget fortelja om pionerane innan norsk skipsbygging frå Hardanger og Sunnhordland. Gjennom heile 1800-talet skulle fleire driftige folk frå gardane langs Hardangerfjorden komme til å spele viktige roller i norsk sjøfart- og skipsbyggingssoge. Distriktet er kjend for jaktebygging og jaktefart, men dette er berre ein del av soga. I sitt arbeid som fartøygranskar har Håvard Gjerde komme over ei rekkje hardingar og sunnhordlendingar som har sett spor etter seg langt utanfor fjorden si trygge famn. I foredraget føl han både fotefar og ringverknadar etter nokre av desse pionerane. Kven var «Rike-Trond»? Kvifor fekk Johann Selsvik Kongens fortenestemedalje i sølv? Høyr om Gjert Gundersen frå Jondal, som flytta til sørspissen av landet, og som skapte ein båttype som gjekk sin sigersgang heile vegen til Nordkapp. Høyr om Lars Hammeraas, husmannen frå Ølve som bygde landet største seglskute. Og meir til.
Føredraget startar 18:00, billettar vert selde i døra, 100 kr.
Skipsportrett av “Herman Lehmkuhl», den største seglskuta i bygd Noreg då ho vart sjøsett i 1875. Byggmeisteren var Lars Hammeraas frå Husa ved Ølve. Signatur: Refsnæs 1917 (Truleg ein kopi av skipsportrett utført av den kjende bergenske skutemalaren F. M. Sørvig). Gjengjeve med løyve frå Bergen Sjøfartsmuseum.
Tidspunkt
12/02/2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
Lokasjon
Hardanger fartøyvernsenter