Føredrag: Kompani Linges maritime spesialoperasjoner
07may18:0019:30Føredrag: Kompani Linges maritime spesialoperasjoner
Arrangement info
Forfattar Sven Janssen har saman med Tomas Adam skrive boka «Operasjon Vestige» som fortel historien om dei kajakk-baserte angrepasom spesialsoldater frå Kompani Linge utførte mot den tysk-kontrollerte skipsfarten i
Arrangement info
Forfattar Sven Janssen har saman med Tomas Adam skrive boka «Operasjon Vestige» som fortel historien om dei kajakk-baserte angrepasom spesialsoldater frå Kompani Linge utførte mot den tysk-kontrollerte skipsfarten i åra 1943-44. Janssen vil halda føredraget.
Planene for «Vestige» omfatta nærare 15 forskjellige anslag langs kysten av Sør-Norge. Omfanget måtte nedskalerast noko, men i alt åtte grupper med KPL-operatører vart sendte til Norge. Vestige-operasjonane hadde ein svært høg vanskelighetsgrad ettersom fartøya var godt bevokta, og berre kunne nåast av operatørane medan dei låg til ankers i hamner eller oppsamlingsområde med etablert vakthold.
Dei to forfatterne, Sven Janssen og Tomas Adam har gjennom mange års kjeldestudier erverva seg store kunnskapa om dei norsk-britiske spesialoperasjonane under den andre verdenskrigen. Føredraget omfatter den britiske strategien bak dei maritime Vestige-operasjonene, så får me og vite litt om trening og opplæring i Storbritannia. Til sist – men ikkje minst – får me høyra dei dramatiske historiane til operatørene og nokre av dei sivile medhjelparane som tok del i dei ulike Vestige-operasjonane.
Billettar vert kjøpt i døra, 100 kr, føredraget startar kl. 18:00.
Tidspunkt
07/05/2026 18:00 - 19:30(GMT+01:00)
Lokasjon
Hardanger fartøyvernsenter
Andre arrangement