– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Føredrag: Frå krise til gullalder, frå vekst til fall?

09apr18:0019:30Føredrag: Frå krise til gullalder, frå vekst til fall?Trekk frå historien til skipsbyggingsindustrien i Noreg

Arrangement info

Frå krise til gullalder, frå vekst til fall? – Trekk frå historien til skipsbyggingsindustrien i Noreg

Skipsbygging har vore ein nøkkelindustri i norsk økonomi, både lokalt og nasjonalt. Samstundes er det ei næring som over tid har vore prega av store økonomiske, teknologiske og sosiale endringar, og har sett varierende avtrykk i samfunnet.

I føredraget vil han peika på historiske brot, der industrien har vorte oppfatta som på veg inn eller ut av periodar med krise eller vekst. Med utgangspunkt i eit pågående forskningsprosjekt om norsk verftsindustri vil han utfordra og diskutera rådande forståingar av industrien si utvikling.

Historiker Trond Holmen Erlien ved Bergens Sjøfartsmuseum vil i dette føredraget gje nokre glimt inn i skipsindustriens utvikling dei siste 200 åra. Erlien har ein ph.d. i historie fra Universitetet i Bergen (2016), med spesialisering innan moderne politisk og arbeidslivshistorie. Dei siste ti åra har forskinga hans konsentrert seg om arbeidslivspolitikk og den norske verftsnæringa. Han er og redaktør for boka Overganger. Nye perspektiv på norsk verftshistorie, som kjem ut i 2026.

Føredraget startar kl. 18, billettar vert kjøpt i døra, 100 kr.

Foto: Finn Tollefsen, Universitetsbiblioteket i Bergen

Tidspunkt

09/04/2026 18:00 - 19:30(GMT+01:00)

Lokasjon

Hardanger fartøyvernsenter

Andre arrangement