Folgefonn og andre ferjer
04nov18:0020:00Folgefonn og andre ferjer– ferjekultur og ferjehistorie
Arrangement info
Ferjekultur og ferjehistorie Velkomen til ferjekveld med film og føredrag på Hardanger fartøyvernsenter Me vil fyrst visa filmen «Då sjøen var vegen» som gjev eit godt innblikk i livet langs fjorden frå
Arrangement info
Ferjekultur og ferjehistorie
Velkomen til ferjekveld med film og føredrag på Hardanger fartøyvernsenter
Me vil fyrst visa filmen «Då sjøen var vegen» som gjev eit godt innblikk i livet langs fjorden frå ro og seglbåtar, til dampskip og seinare ferjer, til vår tids vegnett, der fjorden er gått frå å vera vegen til å vera ei hindring som må kryssast. Ferjene har for mange som bur langs kysten vore ein sjølvsagd del av kvardagen. Ferja set rammer, og korleis ein oppfører seg på ferja er verken tilfeldig eller likegyldig.
Etter pausen vil Heidi Richardson som er forskingskoordinator ved Hardanger og Voss museum har forska på folks ferjeliv halda føredrag. I dette føredraget vil ho seia litt om kva ferjene har betydd for folk – på godt og vondt. Me får høyra om dei rammene ferja set for kvardagslivet til folk, og korleis folk handterer dette. Det vil handla om ferja som arena for uformelle møte i kvardagen – pendlarane si ferje, men òg om råkøyring for å nå ferja, og ferja som stressmoment i kvardagen.
Kor: Kulturnaustet ved Hardanger fartøyvernsenter.
Kjøp billettar i døra.
Pris: 100kr
Start kl. 18:00
Foto: Johannes Østvold
Tidspunkt
04/11/2025 18:00 - 20:00(GMT+01:00)
Lokasjon
Hardanger fartøyvernsenter