Arr.type Arrangement
december
sat02dec12:00sat15:00Adventskafémed aktivitetar og bruktmarknad for born12:00 - 15:00

Event Details
Velkomen til koseleg adventskafé laurdag 2.12 kl. 12-15. Me pyntar til jul, set på julemusikk, og har mykje godt å by på i kaféen! I Grønestova i kafébygningen vert det julekortverkstad for
Event Details
Velkomen til koseleg adventskafé laurdag 2.12 kl. 12-15.
Me pyntar til jul, set på julemusikk, og har mykje godt å by på i kaféen!
I Grønestova i kafébygningen vert det julekortverkstad for borna, og i verkstedsløo kan dei lage trebåt.
I Asbjørnsløo står 4H for ein bruktmarknad for born og unge – her finn du leiker og klær, ting og tang, samt ting born har laga!
Time
(Saturday) 12:00 - 15:00
thu07dec11:00GratistorsdagGratis inngang i utstillingane11:00

Event Details
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett. Aktuelle utstillingar for gratistorsdagen 7. desember: Handboren og veggfast Juleutstilling ved Kvam
Event Details
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso?
Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett.
Aktuelle utstillingar for gratistorsdagen 7. desember:
Handboren og veggfast
Juleutstilling ved Kvam kulturskule
Merk at hovudutstillinga også byr på film i konsertsalen
Huset er ope kl 11-15
Kafe og gåvebutikk
Arbeid frå fjorårets juleutstiling v/Kvam kulturskule
Time
(Thursday) 11:00
fri08dec19:00fri21:30Kunstbar med Imi Maufe19:00 - 21:30

Event Details
Bli med på Kunstbar med Imi Maufe - fredag 8. desember kl 19! Kunstbar Verkstad er ei fagleg stund med kunstnarar frå haustens utstilling; Handboren og veggfast. Teikning og illustrasjon er tema
Event Details
Bli med på Kunstbar med Imi Maufe – fredag 8. desember kl 19!
Kunstbar Verkstad er ei fagleg stund med kunstnarar frå haustens utstilling; Handboren og veggfast.
Teikning og illustrasjon er tema – og Maufe vil syna oss korleis ei bok vert til.
Open kafe / bar
Time
(Friday) 19:00 - 21:30
fri08dec19:30JulegjestFrank Rolland, Sigbjørn Apeland og Marit Karlberg19:30

Event Details
Konsert Marit Karlberg, Frank Henrik Rolland og Sigbjørn Apeland har konserten Julegjest på Hardanger folkemuseum fredag 8. desember kl 19.30. Her får du høyra gamle og gløymde, men vakre og særprega
Event Details
Konsert
Marit Karlberg, Frank Henrik Rolland og Sigbjørn Apeland har konserten Julegjest på Hardanger folkemuseum fredag 8. desember kl 19.30. Her får du høyra gamle og gløymde, men vakre og særprega melodiar til advents- og julesalmane i songtradisjonen i Valdres. Og om du lyttar litt ekstra til fela, kan du høyre melodivariantar frå Hardanger og Nordmøre. Songane har dei funne i folkemusikkarkiv og gamle notenedskrifter, og latt dei få følgje av hardingfele, trøorgel, langeleik og lyre. Dei har også funne plass til eit par nyskrivne songar, og nokre verdslege julesongar som høyrer julegjestebodet til.
I Valdres finn vi ein eineståande sterk folkesongtradisjon som er dokumentert blant anna gjennom Ludvig Mathias Lindeman sine nedskrifter av Kingotonane til Andris Eivindson Vang. Vang kunne føre sin tradisjon fleire slektsledd attende, til Kalvedalspresten og 1600-talet då Kingo reformerte den dansk-norske kyrkjesongen. Kjeldene til songane på denne utgjevinga er Andris E. Vang sjølv og andre samtidige og etterfølgjande songarar frå dei tre øvste Valdreskommunane, Vang, Vestre og Øystre Slidre.
Utøvarane på konserten Julegjest er Marit Karlberg (song, langeleik og lyre), Frank Henrik Rolland (song og hardingfele) og Sigbjørn Apeland (song og trøorgel). Alle tre er velkjende, dyktige utøvarar på kvar sine felt. Dei har arbeidt med folkemusikk i ulike konstellasjonar i omlag 25 år, og vore med på mange ulike innspelingar tidlegare, fleire av dei nominerte og løna med spellemannprisar. Tekstane, formidlinga og innlevinga står i fokus i det musikalske samspelet. Gode, enkle arrangement søkjer å finne fram til kvar song sin eigenart og forsterke denne, tilføre fargar og nytt liv. Samstundes tek musikarane vare på den særeigne, gamle tonaliteten i folkemusikken vår.
Hjarteleg velkomne alle!
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Time
(Friday) 19:30
Organizer
Hardanger folkemuseumpost@hvm.museum.no Museumsvegen 36, 5778 Utne
fri15dec17:00fri19:00JolafestTopp stemning!17:00 - 19:00

Event Details
Velkomen til Jolafest 2023 på Storeteigen bygdetun - fredag 15. desember kl 17-19! I god tradisjon blir det topp stemning på tunet: Gode folk, varme frå bålpannene og noko godt i
Event Details
Velkomen til Jolafest 2023 på Storeteigen bygdetun – fredag 15. desember kl 17-19!
I god tradisjon blir det topp stemning på tunet: Gode folk, varme frå bålpannene og noko godt i koppen.
Bli med på utekino og aktivitetar – og kanskje kjem Torefjellsnissen òg?
Billettar: 50,- kr (vaksen) / 20,- (barn) / 100,- (familie)
Kontant eller Vipps # 630426
Praktisk info:
- Festen føregår stort sett utomhus, så kle deg godt
- Ta gjerne med mat til bruk på bålpannene
- Billetten inkluderar varm drikke
Time
(Friday) 17:00 - 19:00
sun17dec13:00Film: TitinaBornas Kabuso13:00

Event Details
Film: Titina. 1 t 31 min. 6 år Teiknestund etter filmen Om filmen: Titina startar livet som gatehund i Roma, men vert sidan verdsberømt. Ho erobra Nordpolen med Roald Amundsen og fekk
Event Details
Film: Titina. 1 t 31 min. 6 år
Teiknestund etter filmen
Om filmen: Titina startar livet som gatehund i Roma, men vert sidan verdsberømt. Ho erobra Nordpolen med Roald Amundsen og fekk besøke keisaren i Japan.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2023.
Vaksne går gratis på filmane i følge med barn.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen.
Time
(Sunday) 13:00
january
sat27jan18:00Anderz Eide les Jon FosseLitteratur18:00

Event Details
Skodespelar Anderz Eide les Jon Fosse i ein lydbok live, laurdag 27. jan kl 18. Opplev ein av landets beste forteljarar lese Morgon og kveld av nobelprisvinnar Jon Fosse, frå perm
Event Details
Skodespelar Anderz Eide les Jon Fosse i ein lydbok live, laurdag 27. jan kl 18.
Opplev ein av landets beste forteljarar lese Morgon og kveld av nobelprisvinnar Jon Fosse, frå perm til perm.
Kom inn frå haustmørkret og bli med inn i Fosse sitt særeigne univers.
Anderz Eide vann nylig Storytel Awards for innlesinga si av Septologien.
Bill på TicketCo (link under): 300,- /240,- (KabusoVen)
Time
(Saturday) 18:00
february
sat03feb14:00UtstillingsopningGunvor Nervold Antonsen + Marthe Kampen / Magnar Moen14:00

Event Details
Velkomen til opning årets første utstilling i Kabuso; laurdag 3. februar kl 14! I hovudsalen opnar utstillinga Nattankar med arbeid av Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Kampen. I foajeen kan du
Event Details
Velkomen til opning årets første utstilling i Kabuso; laurdag 3. februar kl 14!
I hovudsalen opnar utstillinga Nattankar med arbeid av Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Kampen.
I foajeen kan du oppleva verk av Magnar Moen.
Konsert ved Thomas Eggum
Forfriskingar og open kafe
Velkomen!
Utstillingane kan opplevast i perioden 3. februar-21. april
Time
(Saturday) 14:00
Organizer
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
march
thu07mar11:00GratistorsdagGratis inngang i utstillingane11:00

Event Details
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett. Aktuelle utstillingar denne dagen: Nattankar - Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Kampen Magnar Moen
Event Details
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso?
Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett.
Aktuelle utstillingar denne dagen:
Nattankar – Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Kampen
Magnar Moen – Tonar frå svart
Huset er ope kl 11-15
Kafe og gåvebutikk
Time
(Thursday) 11:00