– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Konsert: Julajazz og 50-års-jubileum med Osøren Jazzensemble

05dec17:0019:00Konsert: Julajazz og 50-års-jubileum med Osøren Jazzensemble17:00 - 19:00 - Konsert arrangert av Lydia

Arrangement info

Laurdag første helga i desember inviterer Lydia – tradisjonen tru! – Geirmund Sandven med band til julajazz på Hardanger fartøyvernsenter. Der Geirmund dei siste åra har hatt med seg Nes tradband og Sandven Jazzkompani, gjer han i år noko heilt spesielt: Han tek med seg Osøren Jazzensemble – eitt av hans aller første og mest kjære jazzband!

I år feirar dette ikoniske ensemblet heile 50-årsjubileum (1976–2026). Dei har i eit halvt hundreår vore ein vaskeekte pioner og institusjon på tradjazz i regionen. Musikarane er kjende for å spele med “hjarta utanpå skjorta” og spreia rein og skjær glad-energi. Denne kvelden serverer dei sin unike, tradisjonelle dixieland-stil – for anledninga sjølvsagt krydra med nokre av våre kjæraste juleperler!

Besetning:

  • Marita Moe Sandven – vokal

  • Are Ovesen – trompet

  • Geir Mildestveit – klarinett (med sidan starten i 1976!)

  • Geirmund Sandven – trombone (med sidan starten i 1976!)

  • Terje Neset – banjo og vokal

  • Ole Amund Gjersvik – bass (med sidan 1979!)

  • Stein Inge Brækhus – trommer (med sidan rundt 1980!)

Ta med deg vener, familie og gode naboar, og start julemånaden med ekte musikalsk futt, glede og julestemning!

Konserten byrjar kl. 17. Billett kan kjøpast hjå Lydia på ticketco.

Tidspunkt

5. December 2026 17:00 - 19:00(GMT+00:00)

Lokasjon

Hardanger fartøyvernsenter

Andre arrangement