– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Konsert: August Selnes

17oct17:0020:00Konsert: August Selnes17:00 - 19:00 - Konsert arrangert av Lydia

Arrangement info

August Selnes er ein musikar å sjå opp for. Han tar opp arven etter den forrige store visebølga i landet samstundes som han set sitt eige preg på sjangeren. “Jeg kan ærlig talt ikke tenke meg en bedre representant for erkebergensk visetradisjon enn Selnes” uttalte Bergens Tidenes Petter Lønningen om 25-åringen frå Bergen.

Med ein forkjærligheit for låtskrivarar som Ole Paus, Bob Dylan og Alf Prøysen utforskar August Selnes den rike norske sangtradisjonen med eit tidløst, men friskt, lydbilete. Han syng samtidig som han spiller gitar og munnspel, og har som mål å fremja både eigne og andre sine sangar på ein best mogeleg måte, utan å legga til noko som tek fokus vekk frå songane.

Kombinasjonen humor og musikk kan vera vanskeleg, men nokre klarer å kombinera desse to. Selnes er ein gjennomført tidig type: Han har «timinga», sjølvironien og framtoninga som skal til for å halda på merksemda, entan han snakkar eller spelar.

Konserten startar kl. 17, og vert arrangert av Lydia. Billettar kan kjøpast gjennom lenkja nedanfor.

Tidspunkt

17. October 2026 17:00 - 20:00(GMT+00:00)

Lokasjon

Hardanger fartøyvernsenter

Andre arrangement