– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Føredrag: Kyrkjebåtane i Hardanger

15oct18:0019:30Føredrag: Kyrkjebåtane i Hardanger18:00 - 19:30

Arrangement info

Bruken av kyrkjebåtar har rike tradisjonar i Hardanger. Både skriftlege og munnlege kjelder, biletkunsten, historiske fotografi og dei gamle båtane peiker tilbake på ein stor kulturarv. Peter Helland-Hansen vil i sitt foredrag fortelje om kva rolle denne kulturen har hatt i Hardanger. Vi kjem innom kyrkjereis til gudsteneste, kapproing i brureferd, friarferd og gravferd. Kva rolle spelte naust og stø og korleis vart desse båtane  bygde og nytta utanom reisene til kyrkje?

Peter Helland-Hansen er leiar av småbåtverkstaden ved Hardanger Fartøyvernsenter, og har vore båtbyggjar ved HFS i meir enn 30 år, med bygginga av hardangarbåtar og strandebarmarar som sitt spesialfelt, og har mellom anna gjeve ut boka «Strandebarmaren».

Føredraget startar kl. 18, billettar kan kjøpast på nett, og i døra. Inngang 125 kr og kafeen er open frå kl. 17.

Foto av tiæringen Signe etter sjøsetting på Aga på veg til Lofthus. Kopi av Tiæring frå Lussand. I dag eigd og brukt av Hardanger folkehøgskule.

Tidspunkt

15. October 2026 18:00 - 19:30(GMT+00:00)

Lokasjon

Hardanger fartøyvernsenter

Andre arrangement