– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Konsert: Åsmund Nesse

18apr17:0020:00Konsert: Åsmund Nesse

Arrangement info

Åsmund Nesse er ein artist og låtskrivar frå Bømlo i Sunnhordland.
Med det rykande ferske albumet Indiemann i bagasjen, det fjerde i slaget; – gler han seg til å koma inn til Lydia Scene i Norheimsund for å spela ein intimkonsert. Med seg har han den røynde kontrabassisten Edvard Mjanger.
Ein konsert med Åsmund Nesse handlar om autentisk formidling.
Den lyriske bogen hans spenner vidt frå mjuke og vare viser til dei fyrrigaste energiutblåsningar, trygt forankra i karakter og karisma. Tekstane dreg linjer frå den britiske folk-bølgja til vestnorske sprøytvaska svaberg.
Denne kvelden tek han deg med gjennom ei dønn ærleg og musikalsk reise, med både skjemt og alvor, heilt utan staffasje.

Konsert i regi av Lydia, konsertstart kl. 17:00, billettar vert kjøpt på TicketCo.

Tidspunkt

18. April 2026 17:00 - 20:00(GMT+02:00)

Lokasjon

Hardanger fartøyvernsenter

Andre arrangement