Kurs
Bli med på handverkskurs!
Som eit nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern er Hardanger fartøyvernsenter mellom dei største fagmiljøa for maritimt tradisjonshandverk i Norden. Hjå oss kan du bli med på eit utval kurs med dyktige handverkarar og instruktørar – gjennom heile året.
Påmelding til kurs: send epost til fartoyvern@hvm.museum.no eller ring/sms 47 47 98 39
Vil du gi et kurs i gave? Da tar du kontakt og betaler kursavgift, så er plassen reservert, og du får et gavekort du kan legge under treet!
Tidlegare kurs:
Nordisk gaffelriggseminar
Tors. 21.-24. september.
Etter suksessen i Middelfart (Danmark) er vi no tilbake i Noreg, og denne gongen på sørlandskysten og Grimstad. Føremålet med seminaret er å formidle kunnskap, heve ferdigheitsnivået, meistre eige fartøy gjennom praktiske øvingar og føredrag. Seminarutgifta inkluderer kost og overnatting om bord i deltakande fartøy.
Pris: 3500,-
Påmelding: https://fartoyvern.ticketco.events/no/nb/e/gaffelriggseminar_2023
Hjelp – eg eig eit gamalt hus
4 onsdagar, frå 27. september
Fire temakvelder kring problem-stillingar for eigarar av gamle hus. Bli trygg på vedlikehald, tiltak, støtteordningar m.m.
Instruktør: Alexander Günther, tlf: 479 49 280
Tidspunkt: 18:00 – 19:00
Pris: 100,- per kveld.
Kurset føregår i gamlekaféen/ kinosalen på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.
Smikurs for ungdom
Tors. 12.-13. oktober
Haustferiekurs! Er du nysgjerrig på hva smiing er? Bli med på eit todagars smikurs for unge, i haustferien!
Instruktør: Lars Ystanes.
Pris: 1000.- Kurset er støtta av Håndlag
Kurs for unge handverkarar ved Hardanger fartøyvernsenter
27. november – 01. desember 2023
Tema: Bjelkelag
Innføring i konstruksjonsprinsipp, materialval og verktøybruk.
Praktiske øvingar i øksing, handhøvling og felling.
Dette er andre kurset i ei rekkje på tre, som tar føre seg ulike tema innan skipstømring og som er spesielt retta mot unge handverkarar som vil øve seg på bruk av tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar. Kursa er uavhengige av kvarandre, men det vert lagt opp til at deltakarar som har vore med før skal få nye utfordringar. Tema for førre kurset var rundholtar.
Deltakaravgift: 800 kr.
Arrangøren syt for måltid og overnatting.
Praktiske spørsmål: elisabet.janssen@fartoyvern.no
Faglege spørsmål: haavard.gjerde@fartoyvern.no
Tlf: 482 23 545
Påmeldingsfrist: 1. november
Arrangør: Hardanger Fartøyvernsenter med stønad frå DNB-stiftinga og Riksantikvaren.
Påmelding: Skjema for påmelding
Maritimt verktøyseminar 2023 (November)
Vårt årvisse verktøyseminar for tradisjonshandverkarar, som kvart år har nytt tema.
I år er tema trenaglar, ta kontakt med elisabet.janssen@fartoyvern.no for info og påmelding!
Åpne foredrag under arrangementet:
https://www.facebook.com/events/188959497536399
https://www.facebook.com/events/249642401372224
Flette matte av tau
Tors. 16. og 23. februar kl.18-21
Lær å lage ei matte av tau i naturfiber.
Instruktør: Ingunn Undrum.
Pris: 400,- + materialutg.
Snikre ein krakk
Tors. 9., 16., 23. mars kl.18-21
Lær å lage ein liten stol, med enkle vertøy og teknikkar, over 3 kveldar.
Instruktør: Arne Eriksen.
Pris: 900,- + materialutg.
Åremaking
Fre. 5.-7. mai
Lag dine eigne vestlandsårer! Under rettleiing av båtbyggjaren får ein laga seg eit par årer i furu, og lære både teori og historie på vegen.
Instruktør: Peter Helland-Hansen.
Pris: 6700,-
Lær å smi
Fre. 5.-7. mai
Populært smikurs for nybyrjarar!
Lær basisteknikkar under rettleing av smeden vår.
Instruktør: Lars Ystanes.
Pris: 5600.-
Tilbod til unge handverkarar
Lær av dei beste fagfolka og delta på seminar kor vi har fokus på:
- Hoggeteknikk med Trond Oalann
- Oppmerking av rundholt og bjelkar ved båtbyggjarane frå Hardanger Fartøyvernsenter.
Når: 5. – 9. juni 2023
Kor: Hardanger Fartøyvernsenter.
Pris: kr 800,- inkluderer hotellopphald, seminarutgifter og mat.
Det er avgrensa tal på deltakarar, så ta kontakt så fort som mogeleg for å sikre deg plass.
Kontakt: Morten Hesthammer morten.hesthammer@fartoyvern.no
Lær å segle tradisjonsbåt
FULLTEIKNA (Det er mogleg å melde seg på med med egen båt)
Laur. 27.-28. mai
Vil du lære å segle med sprisegl? Her får du litt teori, og mykje segling, i åpne tradisjonsbåtar. Me nyttar Hardangerfjorden som læringsarena.
Pris: 2500,-