– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Rådgjeving

Spør oss om båt!

Hardanger fartøyvernsenter utfører konsulentoppdrag av ulike slag. Døme er synfaring av fartøy med tanke på vern og restaurering, utvikling av prosjekt for musé og andre kulturverninstitusjonar innan båt- og fartøyvern.

Alt arbeid som skjer på verna eller freda fartøy må ta omsyn til fartøyet si historie. Dokumentasjon er difor viktig, og vil vera styrande i planlegging og gjennomføring av eit istandsetjingsprosjekt.
Dette arbeidet er nært knytt til ein funksjon som vert kalla fellestenester for fartøyvernet. Det tyder at Riksantikvaren kjøper denne funksjonen av fartøyvernsenteret, og at arbeidet kjem heile fartøyvernet til gode.

Resultat frå dokumentasjonsarbeidet vert formidla gjennom rapportar, bøker, seminar og bloggen fartoyvern.com .

Ei viktig oppgåve er å finna fram til informasjon om korleis fartøy har vore bygd, både generelt og på dei bestemte fartøya som er til istandsetting. Kjeldene til slik informasjon er eldre handverkarar, arkivmateriale, foto, teikningar m.m. Slik dokumentasjon vert nytta av handverkarane når det konkrete arbeidet på fartøyet tek til.

Ei anna oppgåve er å utføra synfaringar på fartøy på oppdrag frå offentlege og private kundar. Dokumentasjon av demontering og istandsettingsprosessen gjev oss viktig kunnskap, og materialet vert formidla vidare mellom anna gjennom rapportar. Arbeidet med å bygga opp eit mangfaldig kjeldearkiv (foto, bøker, teikningar, intervju, gjenstandar m.m.) går kontinuerleg og er til stor nytte i fartøyvernarbeidet.