– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mars 2022

tors31mar12:00tors15:00WEBINAR: Levetidsforlengande tiltak på verneverdige fartøy12:00 - 15:00

Om arr.

Inga påmelding, klikk på lenkja for å delta: https://hardangermaritime.whereby.com/hardanger
Ein må nytta nettlesar Google Chrome (fungerar diverre dårleg i Explorer og Safir).

Hardanger fartøyvernsenter er vertskap for dette webinar kor me sett søkelys på levetidsforlengande tiltak for å unngå at uerstattelege kulturminne vert forringa og øydelagd. Ein erkjenner at fartøy er store komplekse tekniske kulturminne som er krevjande å ta vare på i eit langsiktig perspektiv. Temaet er omfattande og handlar om tiltak i drift, opplag og istandsetting. Fartøyvern er på sett og vis bærekraft i praksis med fokus på gjenbruk og lang levetid. Me ynskjer å synleggjere gode erfaringar og bringe inn relevant gammal og ny fagkompetanse.

Program:
Kl. 12.00 – 12.20
Velkomen, presentasjon av tema og innleiarar

Kl. 12.20 – 13.00
Skip forgår og historien gjentar seg. Korleis hindre forfall og elende?
Tom Rasmussen (pensjonert fartøyvernkonsulent Skibsbevaringsfonden og Hardanger fartøyvernsenter)

Kl. 13.00 – 13.30
Erfaringar, triks og knep for bevaring av stål og jernskip.
Helge Øvrebø (teknisk ansvarleg for MS Henrik Ibsen – Telemarkskanalen. Eigar av verneverdig skip slepebåten Ørnen. Elketroinstallatør)

Kl. 13.30 – 13.45
Skjermfritt kvarter

Kl. 13.45-14.15
Korleis halde ei svane i live leeenge? Kva har vi lært gjennom bevaring av skonnerten Svanen sidan 1973?
Heidi Thöni Sletten (formidlar Norsk maritimt museum og driftsansvarleg for skonnerten Svanen)

Kl. 14.15- 14.45
Fukt, rust og råte hand i hand. Eksempel på klimatiltak i fartøy.
Geir Madsen (trebåtbyggjar og skipsingeniør, tilsett på Hardanger fartøyvernsenter sidan 1985, no som seniorkonsulent)

Kl. 14.45 – 15.00
Avrunding med kommentarar og oppsummering.

Velkomen!

For spørsmål om pålogging kontakt Sidsel Haugen, tlf 41 10 36 43, sidsel.haugen@fartoyvern.no
For faglege spørsmål om tema kontakt Geir Madsen, tlf 48 99 42 41 geir.madsen@fartoyvern.no

Webinaret er finansiert gjennom tilskot frå Riksantikvaren

Tid

(Torsdag) 12:00 - 15:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Sjå hending på Facebook

>>> MELD DI INTERESSE
X