– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mai 2022

tys31mai(mai 31)18:00sun04sep(sep 4)16:00UTSTILLING: 30 år med kunst i tunet!JUBILEUMSUTSTILLING(mai 31) 18:00 - (sept 4) 16:00

Om arr.

Den frivillege kunstgruppa jubilerar!

Kunstgruppa har sett opp kunstutstillingar i Agatunet kvar sommar sidan 1992 – og feirar dermed 30 år i år!

Jubileet markerast med ei utstillinga av samtlege plakatar som har vorte laga til utstillingane gjennom 30 år. Den vert sett opp på høyloftet i Asbjørnsløo (adkomst via låvebrua).

Utstillinga opnar tysdag 31. mai klokka 18. Det vert ei tale ved kunstgruppa og enkel servering. Me oppmodar spesielt folk som kunne tenka seg å delta i kunstgruppa og det kjekke arbeidet med å presentera spanande kunst til å koma! Kunstgruppa har trong for rekruttering, og dette er eit triveleg og gjevande arbeid å vera med på – ikkje er det spesielt krevjande heller. Kunstgruppa samarbeider tett med administrasjon og formidlingsleiar ved museet.

GRATIS INNGONG!

Utstillinga står til 4. september, men vil vera tilgjengeleg ved arrangement utover hausten!

Tid

Mai 31 (Tysdag) 18:00 - Sept 4 (Sundag) 16:00

X