– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

okt. 2018

tors11okt19:00tors21:00Titanic - fakta og myter19:00 - 21:00

Om arr.

TITANIC-ulykka er utan tvil den mest kjende skipskatastrofa i historia. Foredraget vil ta for seg fakta og myter rundt TITANIC og forliset. Kvifor vart TITANIC bygd, kva skjedde den skjebnesvangre jomfruturen i 1912 og korleis kunne ulukka skje? Sebak fortel òg om passasjerane, med særleg fokus på dei norske som var om bord.

Per Kristian Sebak er historikar, forfattar og direktør ved Bergens Sjøfartsmuseum Den fyrste boka hans tok for seg dei norske passasjerane på TITANIC og blei utgitt i 1998. Sidan den gong har han spesialisert seg i transatlantisk sjøfarts- og migrasjonshistorie. Han har doktorgrad fra Universitetet i Bergen og har gitt ut ei rekkje artiklar og bøker, inkludert om jødisk innvandring til Bergen.

Tid

(Torsdag) 19:00 - 21:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

X