mars 2019
tys26mar(mar 26)12:45ons27(mar 27)13:00Seminar om el-installasjonar i verna skip12:45 - 13:00 (27)
Om arr.
Velkommen til seminar om el-installasjonar i verna skip! Tema for seminaret er korleis ein kan auke det antikvariske nivået, og få til tidsautentiske og trygge el-installasjonar i verneverdige fartøy. Fokusområde: Restaurering og
Om arr.
Velkommen til seminar om el-installasjonar i verna skip!
Tema for seminaret er korleis ein kan auke det antikvariske nivået, og få til tidsautentiske og trygge el-installasjonar i verneverdige fartøy.
Fokusområde:
Restaurering og gjenbruk av demontert materiell
Bruk av nyprodusert materiell som er laga som kopiar av gammalt.
Bruk av moderne installasjonar og utstyr som skal skjulast best mogleg.
Bruk av moderne installasjonar og utstyr som kan vera synleg og kan skille seg ut frå det originale (t.d, røyksensorar, brannmelderar, naudslys etc)
Kvar får ein tak i aktuelt materiell og kva er godkjent for bruk i skip.
Krav frå myndigheitene
Om dokumentasjon av el-installasjonar
Program tysdag 26.
Kl 1215 – 1245 Registrering, betaling og lunsj på Hardanger Fartøyvernsenter
( 10 min. gange langs strandvegen frå sentrum og hotellet)
Kl 1245 – 1300 Velkomen og innleiing, ved Geir Madsen, vert for seminaret
og seniorkonsulent på HFS
Kl 1300 – 1400 HFS sin erfaring med el- anlegg om bord i verneverdige skip,
ved Geir Madsen m fl. frå Hardanger fartøyvernsenter.
Kl 1400 – 1500 Erfaringar frå praktisk fartøyvern,
ved Peder Sandstrøm, elektrikar ved Nordnorsk fartøyvernsenter
Kl 1500 – 1600 Praktisk time og synfaring på fartøy ved kai.
Kl 1600 – 1630 Kaffipause med ein matbit
Kl 1630 – 1730 Problemstillingar rundt el-installasjonar i gamle skip,
ved Helge Øvrebø, elektroinstallatør og eigar av verneverdig båt
Kl 1730 – 1830 Erfaringar frå bygningsvernet,
ved Jan Henrik P. Hansen, Strøminstallatøren AS
Kl 1900 Felles middag på Thon Sandven Hotel (OBS ! betalast separat)
Program onsdag 27.
Kl 0900 – 1000 Riksantikvaren sine erfaringar og krav til antikvarisk nivå på el-installasjonar, ved Erik G. Småland, konsulent Riksantikvaren
Kl 1000 – 1100 Sikkerheitskrav frå Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB). Ved Geir Flatebø, senioringeniør Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Region Vest-Norge.
Kl 1100 – 1215 Innlegg frå salen, drøftingar og oppsummering
Kl 1215 – 1300 lunsj og avreise.
Praktiske opplysningar:
Deltakarpris kr 500,- som inkluderer to lunsj og kaffi (eks. overnatting og middag)
Påmelding til : geir.madsen@fartoyvern.no – frist fredag 22. februar
Transport med buss: Skyss linje 925.
Avgang frå Bergen bystasjon kl 0955, ankomst Norheimsund kl 1120.
Avgang frå Norheimsund sentrum kl 1310, ankomst Bergen bystasjon kl 1435
Overnatting: Bestill overnatting på Thon Sandven hotel, Norheimsund
tlf 56 55 20 88 eller e-post sandven@olavthon.no
For seminarrabatt Kr 995,- oppgi ref nr 27530240. Betaling ved avreise.
Alternativt hytter på Oddland camping (3 km frå Norheimsund) www.oddlandcamping.no
Kontaktperson for seminaret:
Geir Madsen – tlf 48 99 42 41 – geir.madsen@fartoyvern.no
Tid
26 (Tysdag) 12:45 - 27 (Onsdag) 13:00